Økonomiprofessor Ragnar Tveterås.Arkivfoto: Terje Jensen
Økonomiprofessor Ragnar Tveterås.Arkivfoto: Terje Jensen
Økonomiprofessor Ragnar Tveterås.Arkivfoto: Terje Jensen

Professoren meiner det trengs innovasjon for å snu kostnadsutviklinga

Trass biologiske utfordringar og auka produksjonskostnader trur økonomiprofessor Ragnar Tveterås at open teknologi vil vere den billigaste produksjonsforma også i framtida.

- Me har i det siste hatt nokre marginar i lakseoppdrett som i andre land ville utløyst ei svært stor vekst, men det har me ikkje fått. Det eine som gjer at det ikkje er vekst i havbruk er at styresmaktene ikkje vil gje nye lisensar. Det andre er at ein har reelle biologiske problem, sa økonomiprofessor Ragnar Tveterås ved Universitetet i Stavanger under sitt innlegg på AqKva-konferansen i Bergen forrige veke. Det skriv IntraFish

Må utvikle avansert samarbeid

Han påpeika at lakseoppdrett er spesiell samanlikna med andre næringar fordi individuelle avgjersler i eit selskap påverkar andre selskap utanfor. Han meiner oppdrettarar i dei ulike sonene har mykje arbeid framføre seg.

- Det har gått feil veg med produksjonskostnadane. Me treng innovasjonar for å endre det. Den norske kystproduksjonen, som er den mest utbreidde, må utvikle det mest avanserte samarbeidet som finst. Det handlar om å dele informasjon og vere opne. De er komne eit stykke på veg, men de må komme enno lengre, sa Tveterås og vende seg til dei mange oppdrettarane i salen.

Han hadde fått utfordringa med å sjå inn i krystallkula for å seie noko om oppdrettsnæringa i framtida. Tveterås ser då for seg ulike teknologiklassar i oppdrett:

  • open kystsoneteknologi
  • lukka eller semi-lukka kystsoneteknologi
  • open eksponert/offshore-teknologi
  • landbasert teknologi.
Kva produksjonskostnadane blir for dei ulike klassane, og korleis forsking og utvikling vil slå inn på kostnadane i dei ulike klassane, hadde han ikkje noko svar på.

- Det ærlege svaret er at det veit me ikkje, fastslo han.

Treng innovasjon

Han er likevel ganske sikker på at det billigaste vil vere den opne kystsoneteknologien ein har i dag.

- Det går ikkje an å gjere det billigare enn det. Men negative eksterne effektar kan vere høge i denne forma. Me treng innovasjon, og kostbare men vellykka investeringar må til for å få kostnadane ned, sa han.

- Og til dei som held på med alternative teknologiar, så er det rom for det også. Dei kan komme inn på ein marknad med høge prisar, sa Tveterås som ser for seg at etterspurnadsveksten etter laks vil vere så stor framover at prisane vil halde seg høge.

Noreg må drive med vanskelege næringar

Økonomiprofessoren meiner også at norske kostnadar, og levestandarden her, gjer at me ikkje kan spesialisere oss i konkurranseutsette næringar der det er enkelt for kven som helst å kopiere oss.

- Noreg er dømt til å halde på med vanskelege næringar og lakseoppdrett er ei slik næring. Me hadde vore «steindaude» om det var lett. Me må halde på med nisjeprega næringar som har spesielle utfordringar, som krev høg kompetanse, avansert organisering og kompetent politikk, sa Tveterås.

Han understreka også at samfunnet må akseptere vanskelege næringar.

- Det er slike næringar som har potensial for vekst i arbeidsplassar, verdiskaping og skatteinntekter. Men då kan ikkje samfunnet setje høgare standardar for miljøfotavtrykk i slike næringar enn andre næringar, lage reguleringar som manglar kunnskapsgrunnlag, ha ei offentleg forvalting som er eit mangehoda troll eller pålegge særskattar i eit omfang som drep incentiva til å gjere risikable investeringar, sa han.

Balanse

Styresmaktene har viktige nøklar til berekraftig vekst, meiner han og slutta seg til dei mange føredragshaldarane på AqKva-konferansen som meiner det er på tide med ei ny organisering av havbruksforvaltinga for å forenkle.

Han kom også med ei oppmoding til politikarane om å balansere politikken.

- Når ein ser på kva som er miljøvenleg av lakseproduksjon i sjø og kjøttproduksjon på land, så kan ein ikkje berre tenke lakselus, men også CO2 utslepp. Me må tole at det er lokale fotavtrykk for oppdrettsnæringa. Men CO2-utsleppet per kg produsert er svært lågt samanlikna med andre matprodusentar. Me må gjere ei avveging mellom lokal og global miljøpåverknad, sa Tveterås.

( VILKÅR )
 
Del saken