Illustrasjon av Tytlandsvik Aqua sitt anlegg.Foto: Veidekke
Illustrasjon av Tytlandsvik Aqua sitt anlegg.Foto: Veidekke
Illustrasjon av Tytlandsvik Aqua sitt anlegg.Foto: Veidekke

No er det fisk i dette nye postsmoltanlegget

Forrige veke vart den første smolten sett inn i postsmoltanlegget til Tytlandsvik Aqua der Grieg Seafood og Bremnes Seashore er med på eigarsida.

- Den første smolten vart sett inn denne veka, og det skal setjast inn ytterlegare smolt i neste veke og veka etterpå. Totalt set me ut 480.000 smolt i anlegget i første runde, sa dagleg leiar Nils Viga i Tytlandsvik Aqua til IntraFish før helga.

Det betyr at den første delen av anlegget er fylt med 130 grams smolt som etter planen skal vekse i postsmoltanlegget til den er 600 gram. Det skal normalt skje over 15 veker.

zoomNils Viga, daglig leder i Tytlandsvik Aqua, har starta produksjonen i det nye postsmoltanlegget i Ryfylke.
Nils Viga, daglig leder i Tytlandsvik Aqua, har starta produksjonen i det nye postsmoltanlegget i Ryfylke.

- Den første produksjonen skal setjast i sjø i april. Då kjem det nytt innsett med smolt i postsmoltanlegget som skal vere der til august. Deretter blir det nedvask før ny smolt vert sett inn. Då skal me ta inn 1,3 millionar smolt. Den skal setjast i sjøen i desember, slik at det blir tre utsett frå anlegget i året, fortel Viga.

Det er den første delen av anlegget som no er ferdigstilt og klart til bruk. Framleis skjer det bygging på anlegget, og alt arbeidet skal vere avslutta i mars før neste smolt skal inn i anlegget.

- Bygginga har gått etter plan og på budsjett, fortel Viga.

Veidekke Entreprenør og Akva Group er dei største leverandørane til anlegget som består av administrasjonsbygg og to produksjonshaller på til saman drygt 7.500 m². Kvar hall inneheld resirkuleringsanlegg (RAS) og fire kar à cirka 2.000 m³.

I starten vil produksjonen berre skje ved hjelp av ferskvatn, men etter kvart vil Tytlandsvik Aqua også prøve med saltvatn.

- Me tar det litt forsiktig i starten, fortel Viga.

( VILKÅR )
 
Del saken