MAKRELLSTØRJE: Forskarane har dei siste tre åra skaffa seg meir kunnskap om størja som vitjer norskekysten. Her ei av dei 191 makrellstørjene båten «Hillersøy» fiska i 2016.Foto: Torhild Måkestad Martinussen
MAKRELLSTØRJE: Forskarane har dei siste tre åra skaffa seg meir kunnskap om størja som vitjer norskekysten. Her ei av dei 191 makrellstørjene båten «Hillersøy» fiska i 2016.Foto: Torhild Måkestad Martinussen
MAKRELLSTØRJE: Forskarane har dei siste tre åra skaffa seg meir kunnskap om størja som vitjer norskekysten. Her ei av dei 191 makrellstørjene båten «Hillersøy» fiska i 2016.Foto: Torhild Måkestad Martinussen

No veit forskarane meir om størja som kjem til Norge

Sidan makrellstørjas comeback i 2015 har forskarane fått årleg data om makrellstørja i norske farvatn. No gjer havforskar Leif Nøttestad opp status frå prøvene.

- Med pansra skalle, 200 kilos snittvekt og ein fart på opptil 70 kilometer i timen, pløyer makrellstørja på nytt langs Norskekysten.

Det fortel havforskar og makrellstørjeentusiast Leif Nøttestad i ei artikkel på Havforskingsinstituttets nettsider.

 Nøttestad har gleda av å gjere opp status frå prøvene av så godt som alle fiskane landa i Norge sidan 2015, då verdas største tunfisk comeback for alvor etter lang tid med fråvær.

Flest niåringar

- Det vi kan seie så langt, er at makrellstørjene er mellom 6 og 14 år. Ni- og tiåringane dominerer, og fisken har snittvekt på over 200 kilo. Det ser ut til å vere sterke årsklassar som tar turen hit. Historia gjentar seg, for slik var det også i stordomstida på 1950- og 1960-talet, fortel Nøttestad.

DNA-testar viser at 90 prosent kjem frå gyteområde i Middelhavet. 

- Tre prosent kjem frå Mexicogolfen og resten frå gyteområde som vitskapen ikkje kjenner til. Data frå satellittmerke tyder på at eitt slikt område kan ligge utanfor Madeira.

Bestanden har vakse etter at forvaltninga tok tøffe grep for ti år sidan. Størja treng dermed større jaktmarker. Eit bognande matfat lokkar ho til Norskehavet og kysten vår.

Makrellstørje

  • Makrellstørje, også kalt størje og blåfinnet tunfisk, er en fisk i makrellfamilien.
  • Den kan bli mer enn 3 meter lang, veie godt over 500 kilo, og er den aller største tunfiskarten og benfisken på kloden.
  • Størjen kan svømme 70 km/t, krysse Atlanterhavet på 50 dager og dykke ned til 500-1000 meters dyp. Fremdelen av kroppen er dekket med et «panser» av sammenvokste skjell.

Reint Bonanza

Det er særleg når formel-1-fisken jaktar ungmakrell langs kysten, at skodelystne kan vere vitne til eit reint Bonanza.

- Størja er ein toppredator som kan jakte det meste. Men når spruten står i overflata, er det ungmakrell ho jagar.

- Makrell er jo sjølv ein krabat som kan vere vanskeleg å få tak i. Men med overflata som tak, kjem størjene som godstog frå mørket. Det betyr slutten for ein fisk som ikkje kan fly, seier Leif Nøttestad.

Nyleg blei det kjent at Norge får dobla sin del av den totale kvotekaka på makrellstørje til 239 tonn i 2019. For havforskarane betyr det fleire prøver og meir spennande forsking.

Her kan du høyre podkast med Nøttestad (spelt inn i fjor sommar):

( VILKÅR )
 
Del saken