Tang og tare.Foto: (Foto: Sintef)
Tang og tare.Foto: (Foto: Sintef)
Tang og tare.Foto: (Foto: Sintef)

Trur tang og tare blir like viktig som potet

- Tang og tare vil vere eit viktig næringstilskott både for menneske og dyr dei neste åra, seier forskar Céline Rebours ved Møreforsking, til NRK. Rebours leiar den internasjonale forskargruppa Promac, som forskar på korleis ein kan utnytte makroalgar, som tang og tare, til menneskemat og dyrefôr.

Rebours seier at folk er spente og nysgjerrige og at mange har fått med seg at tang og tare både kan smake godt og er bra for helsa. Ho meiner taren ikkje berre kan brukast til mat for menneske, men til mykje anna som til dømes kosmetikk, dyrefôr og produksjon av energi.

- Produkta våre kan etter kvart samanliknast med korn, poteter, ris, kveite og frukt, Om nokre år kan tang og tare vere ein viktig del av norsk kosthald, seier ho til NRK.

( VILKÅR )
 
Del saken