STØRST: Den nye brønnbåten til Alsaker Fjordbruk skal byggjast i Spania og leverast i 2020. Den er den største av nybygga som er undervegs som skal gå langs norskekysten. Salt Ship Design
STØRST: Den nye brønnbåten til Alsaker Fjordbruk skal byggjast i Spania og leverast i 2020. Den er den største av nybygga som er undervegs som skal gå langs norskekysten. Salt Ship Design
STØRST: Den nye brønnbåten til Alsaker Fjordbruk skal byggjast i Spania og leverast i 2020. Den er den største av nybygga som er undervegs som skal gå langs norskekysten. Salt Ship Design

Nye båtar til oppdrettsnæringa for fleire milliardar - sjå lista

Også 2019 blir eit år med mange nybygg levert til ulike aktørar i oppdrettsnæringa. Her får du ei oversikt over kva båtar som er på beddingen.

Lista IntraFish og Fiskeribladet har utarbeidd består av 41 båtar frå brønnbåtar til mindre lokalitetsbåtar. Samla representerer desse båtane ein investering på mellom 6 og 7 milliardar kroner.

I tillegg til desse båtane, er det fleire verft som ikkje ønskjer å opplyse kva båtar dei har under bygging. Det gjeld spesielt verft som byggjer arbeidsbåtar. Ein av dei største leverandørane av arbeidsbåtar, Moen Marin, er blant dei som berre ønskjer å opplyse når båtane er overlevert. Lista er dermed ikkje komplett. 

Den største båten som er under bygging er Sølvtrans sin Brønnbåt Ronja Storm som skal leverast i juni og som blir verdas største brønnbåt. Den skal gå fast for Huon Aquaculture i Tasmania.

Alsaker Fjordbruk sin brønnbåt, som er på over 90 meter, er den største som skal gå i Noreg av båtane som er under bygging no.

Behov for større båtar

- At det er eit så stort nybyggingsprogram inn mot oppdrettsnæringa, er veldig bra. Det er fleire på reiarfronten som vil satse på denne bransjen, som riggar seg for vekst og at det skal vere berekraftig. Me ser ein del av konsepta som kjem på ulike fartøytypar er miljøvennlege, og ein satsar på hybridløysingar på servicebåtsida. Fleire brønnbåtar prøver også elektrifisering i kombinasjon med gassdrift (LNG). Me har ei næring som svarar opp til forventningane om berekraft, seier Arild Rød, fagsjef maritim i Sjømat Norge, til IntraFish.

Han peikar også på at det i tillegg til nybygg er ein trend at andre typar fartøy vert ombygd til servicebåtar for oppdrettsnæringar. 

- Det er ingen tvil om veksten har vore spesielt stor innan servicebåt, og at det har vore behov for det. Her har også næringa pressa på. Servicebåtane blir større, og det kjem ei rekke nye krav både til bygging og frå oppdragsgivar si side. Det er ei industrialisering som treng større fartøy og meir avansert utstyr, seier han og legg til at ein også treng vekst i oppdrettsproduksjonen for å forsvare investeringane som blir gjort på båtsida.

Vekst i medlemsmassen

- Noreg treng ei framoverlent oppdrettsrederinæring. Det er ei spennande utvikling slik me ser det, og også ein del av løysinga på utfordringane sjømatnæringa står overfor, seier han.

I dag er det 15-20 oppdrettsrederi som er medlemmer i Sjømat Norge.

- Me opplever auke i medlemsmassen på dette området, og det har vore etterspurt frå våre medlemmer ei satsing på det maritime og mellom anna få inn tariffordningar også for sjøfolk, fortel Rød.

Her er oversikta IntraFish og Fiskeribladet har utarbeidd:

BRØNNBÅTAR
Byggest i Norge for norske rederi:
NavnRederiDesignVerftStørrelseLevering
TBNSølvtransAas 2502-STAas Mek Verksted, Vestnes69,9x17,8 meterapr.19
"Ronja Storm"SølvtransHavyard Design&SolutionsHavyard Shipyard Technology, Leirvik116x23 meterjun.19
"Ronjafisk"SølvtransAas 2502-STAas Mek Verksted, Vestnes69,69 meteraug.19
TBNSølvtransAas 1802-STAas Mek Verksted, Vestnes69,8 meterokt.19
TBNMigdale Transport, SkottlandAas-1502 STAas Mek Verksted, Vestnes62,8 meterdes.19
HordagutHordalaksFMV44Fitjar Mek Verksted82,9 meterapr.20
TBNNorsk FisketransportH587Havyard Ship Technology85 meterjun.20
TBNKerko Seatrans, BergenAAS 3002STAas Mek Verksted, Vestnes77x17,8 meterjun.20
TBNRostein ASLarsnes Mek Verkstedjan.20
Byggest i utlandet for norsk rederi
NavnRederiDesignVerftStørrelseLevering
TBNNordlaks ASNSK Ship Design, HarstadTersan Shipyard, Tyrkia84x19 meterfeb.20
Aqua HisøyDESS Aquaculture ShippingSalt Ship DesignSefine Shipyard, Tyrkia82,25x16 meter2019
Aqua MaløyDESS Aquaculture ShippingSalt Ship DesignSefine Shipyard, Tyrkia82,25x16 meter2019
Aqua SkilsøyDESS Aquaculture ShippingSalt Ship DesignSefine Shipyard, Tyrkia84,4 meter1. kvartal 20
Aqua HavsøyDESS Aquaculture ShippingSalt Ship DesignSefine Shipyard, Tyrkia84,4 meter2. kvartal 20
TBNAlsaker FjordbrukSalt Ship DesignAstilleros de Murueta i Spania90,7x18,6 meter2020
STORE OPPDRETTSBÅTAR
Byggest i Noreg for norske rederi:
NavnRederiDesignVerftStørrelseLevering
Multi ProviderFSV-Group, MoldeSolstad TradingVard Aukra19x10 meter1. kv. 19
TaupoNapier AS, BømloFMVFitjar Mek Verksted43 meterdes.18
Restless WindMarinus AquaserviceFMVFitjar Mek Verksted20 meterdes.18
TaupiriNapier AS, BømloFMVFitjar Mek Verksted42,9x11 metermai.19
SeihaustSeistarFMV 42Fitjar Mek. Verksted49,7 metermai.19
TBNServicebåtHFMV P26Fitjar Mek Verksted26 meterjun.19
TBNFrøy AkvaressursMacho25Sletta Verft25 meterdes.18
TBNNova Sea AquaserviceMøre MaritimSletta Verft25 metermai.19
B.nr. 170BjørøyaSletta VerftSletta Verft19 metermar.19
TBNFrøy Vest RederiCoastcat20Sletta Verft20 meter3. kvartal 19
Byggest i utlandet for norsk rederi:
NavnRederiDesignVerftStørrelseLevering
TBNDESS Aquaculture ShippingNiestern Sander Scheepsbouw, Nederland27,55x11,8 meter2019
TBNDESS Aquaculture ShippingNiestern Sander Scheepsbouw, Nederland27,55x11,8 meter2019
TBNDESS Aquaculture ShippingNiestern Sander Scheepsbouw, Nederland27,55x11,8 meter2019
ARBEIDSBÅTAR/LOKALITETSBÅTAR
NavnRederiDesignVerftStørrelseLevering
MaritViknaslipen eget brukInnovation JBA asViknaslipen, Rørvik11 meter
TBNNRS FinnmarkInnovation JBA asViknaslipen, Rørvik15 meter
TBNAqua Group Service ASInnovation JBA asViknaslipen, Rørvik15 meter
B.nr. 173Salmar FarmingSletta VerftSletta Verft7,9 meternov.18
B.nr. 174Salmar FarmingSletta VerftSletta Verft14,9 meterjan.19
B.nr. 175Lerøy AuroraSletta VerftSletta Verft13,3 metermar.19
B.nr. 177Frøy AkvaserviceSletta VerftSletta Verft14,9 metersep.19
HordabasThermo ServiceFMVFitjar Mekaniske Verksted14,9 meterTidlig 2019
B.nr. 203OslandKalven 8Risnes Marine Craft7,99 x 5,5 meterdes.18
B.nr. 209OslandKalven 8Risnes Marine Craft7,99 x 5,5 meterjan.19
B.nr. 210LingalaksKalven 8Risnes Marine Craft7,99 x 5,5 meterdes.18
B.nr. 211LingalaksKalven 8Risnes Marine Craft7,99 x 5,5 meterjan.19
B.nr. 212NRSKalven 8Risnes Marine Craft7,99 x 5,5 meterfeb.19
( VILKÅR )
 
Del saken