«SKULEBAS» BYTAST UT: Elevane på Måløy Vidaregåande skule får ny skulebåt.Foto: Måløy Vidaregåande skule

Ny skulebåt til Måløy

Opplæringsfarøyet Skulebas, som er over 40 år gammalt, skal skiftas ut. Ved ny «klassing» i 2019 måtte det eventuelt påreknast store økonomiske investeringar.

- Ein gledens dag ved Måløy vidaregåande skule og Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Måløy, skriv den vidaregåande skulen på sine Facebook-sider, melder Fjordenes Tidende.

Fylkestinget vedtok i økonomiplanen 2019-22 å setje av ei løyving i 2019 på 100 millionar kroner til nytt opplæringsfartøy. Til grunn for løyvinga låg konseptet for eit nytt fartøy utarbeidd i regi av Opplæringsfartøy AS.

Skipet vil få undervisningsrom og lugarar for 12 elevar og lærarar, utrusting og sertifisering for havfiske, laboratorium og utstyr for akvakulturopplæring og vere tilrettelagt for opplæring i navigasjon- og maskinbesetning, ifølge Fjordenes Tidende.

Fylkeskommunen vert eigar av det nye fartøyet og vert ansvarleg for drifta av dette.

( VILKÅR )
 
Del saken