Forskarar ved HI har undersøkt innhald av miljøgifter i tre typar mesopelagisk fisk og fann lave nivå.Foto: Sintef
Forskarar ved HI har undersøkt innhald av miljøgifter i tre typar mesopelagisk fisk og fann lave nivå.Foto: Sintef
Forskarar ved HI har undersøkt innhald av miljøgifter i tre typar mesopelagisk fisk og fann lave nivå.Foto: Sintef

Lite miljøgifter i fisk frå stordjupet

I dei djupaste farvatna våre finnast store mengder fisk, blekksprut, maneter og krepsdyr som vi stort sett ikkje haustar. Globalt kan det finnast meir enn ti milliardar tonn av desse artane, og mange av desse kan vere aktuelle som mat for menneske eller som fôr for dyr og oppdrettsfisk. Før vi kan ta desse ressursane i bruk må vi vite kva dei inneheld av framandstoff.

Havforskingsinstituttet melder at Mattilsynet har gitt instituttet i oppgåve å undersøkje tre aktuelle mesopelagiske artar for innhaldet av både voksester, metall og organiske miljøgifter. 

I denne omgang er det undersøkt laksesild, nordleg lysprikkfisk og liten laksetobis.

Lite miljøgift

Forskarane undersøkte den «nye» fisken for innhaldet av vanlege metall og miljøgifter som bly, dioksin og kadmium, og dei fann at det var lite av dei fleste miljøgiftene. 

Unnataket var innhaldet av kadmium i nordleg lysprikkfisk frå Norskehavet og av bly i ei samleprøve av liten laksetobis frå Norskehavet. I ei samleprøve har ein most saman fleire fisk til ei prøve, men dette funnet må følgjast opp sidan det berre var ei enkelt prøve.

Forskarane har også rekna på kva innhaldet av miljøgifter ville bli dersom ein laga fiskemjøl og fiskeolje av denne fisken. Dei organiske miljøgiftene er botne til oljen, så innhaldet av framandstoff i olje og mjøl vil difor bli eit anna enn i heil fisk. Dei fann at dei organiske miljøgiftene generelt var lave og under grenseverdi i oljen, med unnatak av dioksininnhaldet i nordleg lysprikkfisk, som låg nær opp mot grenseverdien. I fiskemjøl fann ein også lite metallgifter.

- Vi ser at det er eit godt potensial til å bruke desse artane i fiskefôr. Det står att å undersøkje mange andre artar og mange andre område. Dette er berre starten, seier Wiech.

Mesopelagisk fisk

  • Det finst truleg 10.000 millionar tonn mesopelagisk fisk i verdenshavene - 100 gonger meir enn mengda av villfisk som høstes kvart år.
  • Mesopelagiske organismar er en samlebetegnelse på dyra som lever mesopelagisk - av gresk meso «i midten» og pelagisk «som finst i eller skjer i ope hav» (200 til 1000 meter). 
  • Det er gjort spreidde forsøk på kommersiell utnyttelse, men så langt er det ikkje etablert noko lønnsamt fiskeri.
( VILKÅR )
 
Del saken