Vil gi pengar til villaksen

- Neste år har vi det internasjonale villaksåret, og Noreg har eit særskilt ansvar for villaksen. Difor er det naudsynt med ein solid innsats neste år, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen i ei pressemelding i samband med framlegginga av statsbudsjettet for 2019. 

Regjeringa vedtok tidlegare i år å etablere ein genbank for laksefisk frå Hardanger. Arbeidet med genbanken er i gang og det blir ei stor satsing også i 2019. Det vil koste nær 70 millionar kroner å byggje genbanken. Investeringsutgiftene blir fordelt over tre år, og ein planlegg å bruke om lag 20 millionar kroner i 2019.

Det blir også sett av om lag 7,4 millionar kroner til drift av eit nytt, nasjonalt villakssenter med fire driftseiningar fordelt frå sør til nord i landet. 

Det blir òg tatt i bruk ein modernisert metodikk for overvaking av laks i Tanavassdraget og gitt tilskot til spesielle tiltak i samband med villaksåret. Til desse formåla er det sett av til saman om lag 5,6 millionar kroner. 

( VILKÅR )
 
Del saken