Personell frå forsvaret uskadeleggjorde mina om bord på «Kristine Bonnevie». Sidan vart mina senka i fjorden.Foto: Kjell Ove Sandøy/Havforskingsinstituttet

Forskingsskip fekk mine i trålen

Under eit forskingstokt i Sognefjorden måtte militært personell uskadeleggjere ei mine som hamna i trålen.

Forskingsbåten «Kristine Bonnevie» fekk ei mine i trålen under eit UiB-tokt i Sognefjorden onsdag, skriv Havforskingsinstituttet på sine nettsider. 

- Mannskapet har handtert denne situasjonen på ein god måte, og i tråd med retningslinene for uventa hendingar, seier rederisjef Per Nieuwejaar i ei pressemelding

Politiet vart varsla om hendinga, og militært personell kom raskt til staden. Mina er engelsk og frå andre verdskrigen. Etter at mina var uskadeleggjort, vart ho senka i fjorden på vel ti meter på vestsida av Rutledal.

Toktet er i regi av Universitetet i Bergen. Båten tilhøyrar Havforskingsinstituttet, og mannskapet kjem frå rederiavdelinga på instituttet.

Då mina var fjerna og dekket rydda rundt klokka 20.00, kom studentar og forskarane frå UiB om bord igjen og fortsette toktet som planlagt.

( VILKÅR )
 
Del saken