Havforskar Sten-Richard Birkely handterer snøkrabbe.Foto: Ann Merete Hjelset, Havforskningsinstituttet
Havforskar Sten-Richard Birkely handterer snøkrabbe.Foto: Ann Merete Hjelset, Havforskningsinstituttet
Havforskar Sten-Richard Birkely handterer snøkrabbe.Foto: Ann Merete Hjelset, Havforskningsinstituttet

Håper på eige snøkrabbetokt også neste år

Bestandsansvarleg for snøkrabbe, Ann Merete Hjelset, er nøgd med gjennomføringa av Havforskingsinstituttets fyrste snøkrabbetokt.

I juni i år vart det fyrste reine forskingstoktet etter snøkrabbe gjennomført. Bestandsansvarleg for snøkrabbe Ann Merete Hjelset ved Havforskingsinstituttet seier til Fiskeribladet at toktet var vellukka. 

- Me er særs nøgde. Me fekk dekka eit stort område, hadde arbeidsver heile tida og ein effektiv båt, seier ho på telefon frå eit kongekrabbetokt som skal vere ferdig fredag denne veka. 

zoomToktsjef og krabbeforskar Ann Merete Hjelset ved Havforskingsinstituttet. 
Toktsjef og krabbeforskar Ann Merete Hjelset ved Havforskingsinstituttet. 

Stort område

Forskarane fekk dekka heile området etter planen i Barentshavet pluss litt ekstra. 

- Me fekk ein sving innom Storfjorden. Det gjekk litt på bekostning av område nord og aust for Kong Karls Land, men sidan me fekk krabbe der, tenke me at me fekk prøve å finne vestre yttergrense, seier forskaren. 

Ho har allereie søkt om å få til eit tokt til neste år for å halde fram arbeidet med å finne ut kor det er snøkrabbe, og kor ho ikkje er. 

- Null er også eit resultat, held ho fram. 

 

Krabbe nesten overalt

- Var det nokre overraskingar på toktet? 

- Me var kan hende litt overraska over at me fann krabbe nesten overalt. Me har ikkje fått mykje krabbe med tanke på kor stort område med har dekka, men me registrerte krabbar fleire plassar. 

Toktet vart gjennomført med leigefartøyet «Prowess», og forskarane fann snøkrabbe opp mot Kvitøya i nord, mot Storfjordrenna i vest og på høgde med Bjørnøya i sør. Målet var å finne ut kor langt snøkrabben har spreidd seg, ikkje kor store mengder som finst. 

Dei nytta teiner for å kartleggje område for å finne ytterkantane av utbreiingsområdet. 

Dataene frå toktet blir del  rådgjevinga for snøkrabbekvote for 2019. 

Brer ut seg

Ifølgje ein toktrapport på Havforskinstituttets sine heimesider ser Hinlopenstretet nordaust for Spitsbergen ut til å vere ein naturleg barriere for snøkrabba. Der er det nemlig grunt. 

- Snøkrabba trivst best på djup som ligg under 200 meter, medan Hinlopenstretet er omtrent 100 meter på det grunnaste. Difor er det lite truleg at snøkrabba spreier seg lenger mot nordvest enn det vi registrerte under toktet. I sør og vest kom vi ikkje heilt i ytterkanten av bestanden, og alt tyder på at snøkrabba etter kvart blir å finne i eit enda større område i Barentshavet enn i dag, seier Hjelset i den meldinga. 

Her kan du sjå ein videosnutt som Havforskingsinstituttet har laga frå toktet: 

( VILKÅR )
 
Del saken