fra forskningen
Seksjonen «Fra forskningen» består av artikler skrevet av ansatte ved en av de norske forskningsinstitusjonene.
Havforskar Sten-Richard Birkely handterer snøkrabbe.Foto: Ann Merete Hjelset, Havforskningsinstituttet
Havforskar Sten-Richard Birkely handterer snøkrabbe.Foto: Ann Merete Hjelset, Havforskningsinstituttet
Havforskar Sten-Richard Birkely handterer snøkrabbe.Foto: Ann Merete Hjelset, Havforskningsinstituttet
fra forskningen
Seksjonen «Fra forskningen» består av artikler skrevet av ansatte ved en av de norske forskningsinstitusjonene.

Fann snøkrabbe i eit større område enn tidlegare

Havforskarane har funne snøkrabbe i eit større område i Barentshavet enn tidlegare. - Det skuldast først og fremst at vi har brukt annan reiskap denne gongen, seier havforskar Ann Merete Hjelset.

I juni i år blei det første reine forskingstoktet etter snøkrabbe gjennomført.

- Vi fann snøkrabbe heilt opp mot Kvitøya i nord, mot Storfjordrenna i vest og på høgde med Bjørnøya i sør, fortel Hjelset. Ho er bestandsansvarleg for snøkrabbe ved Havforskingsinstituttet.

Teiner, ikkje trål

Toktet med leigefartøyet «Prowess» tok i første rekke sikte på å finne ut kor langt snøkrabba har spreidd seg i Barentshavet, ikkje kor store mengder som finst av den.

- Difor brukte vi teiner for å kartlegge området kor det er snøkrabbe. Då kan vi finne ytterkantane av utbreiingsområdet, fortel Hjelset.

Tidlegare har havforskarane kartlagt snøkrabbebestanden i samband med det årlege økosystemtoktet i Barentshavet.

- Det er eit tokt som tar sikte på å kartlegge heile økosystemet. Då brukast det trål for å ta opp botndyr, men snøkrabbebestanden har gått litt «under radaren» på desse tokta. Difor jobbar vi framleis med å utvikle reiskap som gir oss betre metodikk når vi skal kartlegge snøkrabbestanden under økosystemtoktet, seier Hjelset.

Stopp i Hinlopen?

Hinlopenstretet ser ut til å vere ein naturleg barriere for snøkrabba, fordi det er eit grunt område.

- Snøkrabba trivst best på djup som ligg under 200 meter, medan Hinlopenstretet er omtrent 100 meter på det grunnaste. Difor er det lite truleg at snøkrabba spreier seg lenger mot nordvest enn det vi registrerte under toktet. I sør og vest kom vi ikkje heilt i ytterkanten av bestanden, og alt tyder på at snøkrabba etter kvart blir å finne i eit enda større område i Barentshavet enn i dag, seier Hjelset.

Under snøkrabbetoktet dekka ikkje forskarane området der fisket går føre seg i dag.

- Vi har fått god informasjon frå krabbeflåten om både utbreiing og mengde der dei fiskar. I området vi dekte er det framleis såpass lite krabbe at det sannsynlegvis ikkje er rekningssvarande å drive fiske der, avsluttar Hjelset.

Artikkelen vart først publisert hos Havforskningsinstituttet.

( VILKÅR )
 
Del saken