Kenneth BruvikFoto: Pandora Film

Miljøpris til Kenneth Bruvik

Vinnar av Fiskeridirektoratets miljøpris 2018 er Kenneth Bruvik frå Fjell i Hordaland.

I mange år har han vore spesielt opptatt av forsøpling av havet og kysten, og har skapt og vedlikehaldt eit stort engasjement både lokalt, nasjonalt og internasjonalt for å få merksemd omkring marin forsøpling, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Prisen vart delt ut av fiskeriminister Harald T. Nesvik og fiskeridirektør Liv Holmefjord på Nor-Fishing i Trondheim.

- Forurensing av havet er ein stadig større trussel mot alt liv i havet, og engasjementet vinnaren av årets miljøpris har skapt og halde vedlike har gitt oss trua på at det nyttar - at vi kan snu ei ødeleggande utvikling og dermed redusere og fjerne forurensing til havet og på kysten, sa fiskeridirektør Liv Holmefjord ved tildelinga av miljøprisen.

( VILKÅR )
 
Del saken