Slik vil det nye nødslaktefartøyet til Servicebåt sjå ut når det står ferdig neste sommar.Foto: Heimli Shipdesign
Slik vil det nye nødslaktefartøyet til Servicebåt sjå ut når det står ferdig neste sommar.Foto: Heimli Shipdesign
Slik vil det nye nødslaktefartøyet til Servicebåt sjå ut når det står ferdig neste sommar.Foto: Heimli Shipdesign

Forskningspenger ga bestilling av nytt fartøy

Servicebåt på Austevoll har signert kontrakt på bygging av ein ny type nødslaktefartøy som skal berge fisk som i dag vert skada og døyr i samband med ulike mekaniske handteringar.

- Servicebåt fekk nyleg tildelt forskingsmidlar frå Regionale Forskingsfond Vest og desse midlane saman med fleire avtaler om bruk av eit ferdig fartøy gjer at selskapet kunne signere kontrakt med Fitjar Mekaniske Verkstad (FMV) om bygging av eit nytt nødslaktefartøy med eigenutvikla ELAX konsept om bord, skriv Servicebåt i ei pressemelding.

Kan berge fisken

Gründerane bak reiarlaget Servicebåt frå Austevoll, Magne Hatlevik, Ståle Torsvik og Mons-Ove Hauge har i fleire år jobba med utviklinga av eit nytt konsept med hurtig og automatisk sortering av innsamla skada fisk, under og etter ei eller anna form for mekanisk handtering av laks og aure. Selskapet har hatt med seg forskingspartnarar frå Havforskingsinstituttet og Nofima med kompetanse på elektrisk bedøving, fiskevelferd og kvalitet. 

Forprosjektet i vinter dokumenterte at metoden er særdeles effektiv og resultata viste at ein med dette systemet truleg kan berga opp mot 100 prosent av fisken som i dag vert skada og døyr i samband med ulike mekaniske handteringar på sjølokalitetar, skriv selskapet vidare.

- Konseptet går ut på å fortløpande samle inn skada fisk under ei behandling og sørge for rask og effektivt bedøving og bløgging før den vert lagra ferdig utblødd på kjøletankar fram til lossing på slakteri. Systemet skil raskt og automatisk ut eventuelle allereie døde fisk og sikrar at ingen av desse kjem med i behandlinga og lagringa av fisk som skal til human konsum, skriv dei.

Har tru på fartøyet

Satsinga med nødslaktefartøy vert samla i eit eige selskap. Fleire oppdrettarar og andre vert no med på eigarsida av det nye fartøyet. Langøylaks og Troland Lakseoppdrett frå Austevoll vert begge medeigarar.

- Det er klart at me ser etter stadige forbetringar i drifta vår og skulle aller helst unngått all form for behandling av fisk som medfører fare for dødelegheit. Men eit slikt konsept som reduserer dødelegheita med bortimot 100 prosent under ulike nødvendige mekaniske handteringar er noko som verkeleg gjer utslag på driftsresultata våre, samstundes som det utgjer ein svært viktig forbetring av fiskevelferd i slike nødssituasjonar, seier dagleg leiar i Langøylaks, Karsten Inge Møgster, i pressemeldinga.

- Eit slikt fartøy og løysing skulle me hatt på plass for lenge sidan. No gler me oss til båten er på plass neste sommar og ser fram til å få det klart til bruk om ein nødssituasjon skulle oppstå. Me har god tru på at det er mange oppdrettarar som vil sjå stor nytte av å bruka denne båten til å berge fisken sin når fartøyet ikkje er i teneste hjå oss, seier Ole Morten Troland i Troland Lakseoppdrett.

Utviklingssamarbeid

Reiarlaget har hatt eit utviklingssamarbeid med FMV og Heimli Ship Design, og ein har vore innom mange ulike størrelsar og løysningar før ein landa på design. Fartøyet vil måle knappe 26 meter i lengde (loa) og ha ei bredde på knappe 10 meter. Det får ein lastekapasitet på 140 tonn bløgga fisk og kan dermed også nyttast til ordinært slaktefartøy med bløgging på merdkanten før fisken vert frakta ferdig kjølt til vidareforedlingsanlegg.

Fartøyet vert elles utrusta med kranar, vinsjar, slepekrok og ROV slik at det kan operere som fullverdig hjelpefartøy under ei fiskebehandling, samstundes som det pumpar opp eventuell fisk som vert skada i behandlinga.

- Ein relativt lang utviklings- og testperiode vert endeleg toppa med kontrahering av eit fartøy til dette konseptet. Det er svært inspirerande å sjå at ideane våre vert godt motteke, og at både kundar og forskingsmiljø gjev oss tiltru til å ferdigstille det første nye fartøyet med denne løysinga om bord. Båten skal vere klar til neste sommar og me trur at dette er berre starten på mange slike fartøy frametter og ser fram til utviklinga, seier styreleiar i Servicebåt, Mons-Ove Hauge, i pressemeldinga.

Også Hav Line fekk midlar frå forskingsfondet, til den nye slaktebåten «Norwegian Gannet».

( VILKÅR )
 
Del saken