Makrellbestanden underestimert?
Forskarar frå Noreg, Færøyane og Island har kome med eit bestandsestimat for makrell basert på trålfangstar i Norskehavet. Det er på 5,1 millionar tonn, men på grunn av mangelfull dekning i einskilde område reknar forskarane med at bestanden er underestimert. Det skriv Havforskningsinstituttet.