Sofie Urbrott Svendsen på jobb på anlegget Olderfjord i Hammerfest kommune. Foto: privat

Sofie har jobba på anlegg sidan ho var 15 år - no har ho tatt fagbrev: - Utruleg kjekt

AvMarthe Njåstad

Juni blei ein innhaldsrik månad for Sofie Utbrott Svendsen. Ho enda opp med både fagbrev og nyklar til eige hus i handa.

NYHETER11. juli 2020

- Eg bestod med svært godt, og eg er utruleg fornøgd med det. Det var veldig kjekt å få ta fagbrevet. Bedrifta køyrer kurs over eitt år for oss som har jobba i fem år eller lengre. Etterpå kan me gå opp til fagprøven. 

Ho jobbar turnus på lokaliteten Olderfjord til Cermaq på sørsida av Seiland i Hammerfest kommune. Ho har friveke når me snakkar med ho på telefon og kan fortelje om herleg sommarvêr med seks grader og regn.

- Litt varmare vêr hadde gjort seg, seier Svendsen som for få veker sidan kjøpte seg hus i Næverfjord.

- Fagbrev og hus, eg byrjar å få ting på stell, seier ho lattermildt til IntraFish. 

- Ein fin gjeng

Ho har allereie seks år med fulltidsarbeid bak seg på merdkanten på Olderfjord. No er ho skiftleiar for eit vaktlag på til saman tre personar.

- Eg synest det er veldig spennande og variert å jobbe her, eg får gjera mange forskjellige ting. Me får vera ute og inne, jobbe med data, maskiner og båtar. Me har det generelt veldig fint på jobb.

I år blir det ein roleg sommar på anlegget.

- Me ligg berre og fôrar fisken, me skal byrje å slakte i haust - så det er ikkje så mykje ekstra å gjere no, fortel ho.

Søkte seg til oljenæringa

For Svendsen starta karrieren innan havbruk med sommarjobb som 15-åring.

- Eg har hatt familie som har jobba i same bedrift, så når eg vart 15 år søkte eg sommarjobb og fekk det. Det er vanleg at ungdommane her søker jobb i Cermaq, og dei fleste har fått det. Den lokale sjefen har vore opptatt av å ta inn lokal ungdom.

Sofie gjekk eigentleg kjemi og prosess på vidaregåande, men ein oljebransje på nedtur gjorde det vanskeleg å finne læreplass.

- Det var akkurat i dei åra kor dei byrja med innsparingar. Det var ikkje plass til alle.

- Må like å vere ute

Heldigvis dukka det opp eit ledig vikariat som røktar i Olderfjord og Svendsen byrja å jobbe for fullt på anlegget. Etter eitt år fekk ho fast jobb.

- Det var perfekt timing for meg den gongen. Eg har tenkt fleire gonger på om eg skulle søke meg til det eg eigentleg gjekk på skule i, men eg angrar ikkje på dette - og i alle fall ikkje no når eg har fått fagbrev, seier Svendsen.

Vil du anbefale jobben til andre?

- Ja, det vil eg gjere. Det er ikkje for alle, men for folk som ønsker eg ein variert kvardag, med mykje tid ute, så ja. Ein må like å vere ute, det er eit minimum - og vere rusta for litt fysisk arbeid. Det meste av utstyret er dimensjonert for vaksne mannfolk, men med litt tilrettelegging så går det bra, seier Svendsen.

zoomSofie Urbrott Svendsen passar på at alt går som det skal ute på anlegget. 
Sofie Urbrott Svendsen passar på at alt går som det skal ute på anlegget. 

- Blir ikkje tatt seriøst

På anlegget er det totalt sju tilsette - Sofie har ein kvinneleg kollega som går motsett skift. Som kvinneleg skiftleiar, opplever Svendsen nokre gongar utfordringar med å vere i ein bransje med overvekt av menn.

- Det er vel det at ein ikkje blir tatt ordentleg seriøst når eg er jente i eit mannsdominert yrke. Eg er skiftleiar på min lokalitet, men dersom me får ein båt inn med folk som ikkje kjenner oss, då kjem dei ikkje bort til meg, men går rett bort til dei mannlege kollegaene mine.

- Eg blir oversett. Det er litt dårleg, og eg trudde me var komne litt lengre. Men eg tar meg ikkje så nær av det no lenger. Eg flirer litt av dei, for dei må uansett bort til meg etterpå. Dei blir litt brydd og veit ikkje kva dei skal seie.

- Kva trur du blir dei største utfordringane for næringa framover?

- Sjukdom og resistens. Vi har ikkje hatt så mykje sjukdom på anlegget, me har hatt litt luseproblem, men der er det stor utvikling og det går føre seg mykje forsking for å løyse problemet. Men sjukdom hos fisk trur eg eg kan bli eit større problem i framtida.

No skal ho jobbe litt til før ferie og tur til Laksefjordvidda ventar.

- Me skulle eigentleg til Lofoten, men det er så mange folk som skal dit, at me la om planane litt. Det blir telttur og fisking, det blir herleg, seier Svendsen. 

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.