Illustrasjonsfoto: Økosystemtokt i Barentshavet 2018, med «G.O. Sars». Foto: Erlend Astad Lorentzen, Havforskningsinstituttet
Illustrasjonsfoto: Økosystemtokt i Barentshavet 2018, med «G.O. Sars». Foto: Erlend Astad Lorentzen, Havforskningsinstituttet

Fiskebåt: - Forskingstokt bør ikkje hindrast

Fiskebåt stiller seg undrande til at fleire viktige forskingstokt blir avlyst eller blir korta ned som følgje av koronapandemien, og ber om at dette blir endra.

Fiskeri
26. mars 2020 11:18Oppdatert:
26. mars 2020 11:35

- Forskingstokta er avgjerande for å berekne kor myje fisk som er berekraftig å hauste, skriv Fiskebåt i eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet.

I brevet blir det vist til at det ser ut som det er andre reglar som gjeld for forskingsfartøya enn for fiskeflåten. Problemet for forskarane er dei lokale karantenelovene som pålegg mannskap å site 14 dagar i karantene før dei kan mønstre om bord i fartøya. For fiskeflåten er det avklart at karantenen kan avviklast om bord på visse vilkår, og viss ein reiser direkte frå flyplass til fartøyet.

Viktig arbeid

Fiskebåt viser i brevet til at ressursforskinga har ein direkte og nær samanheng med fiskeriaktiviteten og at difor mykje talar for at det fiske- og forskingsfartøy bør vere likestilte i forhold til karantenereglane.

I brevet blir det også lagt vekt på at kor viktig det er med vedvarande og gode forskingstokt for å berekne storleiken på fiskebestandane som i neste om gang legg grunnlaget for kor store kvotar som er berekraftig å hauste av.

Kanselerte tokt

Brevet kjem som reaksjon på at Havforsningsinstituttet (HI)  har varsla at dei vil fleire kutte ut fleire tokt som følgje av koronapandemien. Seks tokt er kansellert, men HI jobbar for at dei prioriterte leveransane til bestandsrådgjevinga vil bli gjennomført.

- Halvparten av toktprogrammet vårt i mars og april er no kansellert, fortel forskingsdirektør Geir Huse i ei melding som er sendt ut frå instituttet.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00