YNGEL: Hummaryngel klekt i laben hos Havforskingsinstituttet. Her med Rosa Escobar Lux.Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
YNGEL: Hummaryngel klekt i laben hos Havforskingsinstituttet. Her med Rosa Escobar Lux.Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Forskarar vil finne ut kor lite lusemiddel som skal til før hummarlarvar får «leddgikt»

Forskning
Torhild Måkestad Martinussen
Telefon 55 30 22 34
Mobil 98404287
13. februar 2020 10:07

Oppdrettslaks får lusemiddelet teflubenzuron tilsett i fôret for å bli kvitt lakselus. Lusemiddelet hamnar på havbotnen i spillfôr og gjennom lakseskit. Der kan andre dyr få det i seg.

- Teflubenzuron verkar ved å hindre skaldyr i å danne skal. Det gjeld lakselus, men også hummar, forklarer doktorgradsstipendiat Rosa Escobar Lux i ein artikkel på Havforskningsinstituttets (HI) nettsider.

Døyr under skalskifte

Hummar døyr under skalskifte etter høge dosar teflubenzuron. No vil forskarane vite meir om korleis det går med hummar som ikkje døyr.

Dosane av teflubenzuron i labforsøket er samanliknbare med mengder som er funne i havbotnen under oppdrettsanlegg. Forskarane kan likevel ikkje slå fast om stoffet utgjer nokon fare for hummaryngel utanfor laboratoriet. Dei finn nemleg ikkje hummaryngel i naturen - forsøksdyra er klekte i kar.

- Vi veit lite om kor og korleis dei lever. Men vi må gå ut frå at effekten av teflubenzuron i kroppen deira må vere den same, seier Escobar Lux.

Forskarane håpar no å få nok data til å kunne rekne ut anslag for kva mengder teflubenzuron som er skadelege for hummaryngel, både akutt og på lengre sikt.

Resultat frå forsøket vil gå inn i instituttets totale risikovurdering av lusemidla sin effekt på andre artar enn laks og lus, opplyser HI i artikkelen.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00