KONTROLL: Pelagisk Forening meiner at kontrollarbeid bør finansierast med inndregne midlar, og over statsbudsjettet. Her er fiskeriminister Harald T. Nesvik på kaikanten i Lofoten, saman med Råfisklagets folk.Arkivfoto: Frode Adolfsen
KONTROLL: Pelagisk Forening meiner at kontrollarbeid bør finansierast med inndregne midlar, og over statsbudsjettet. Her er fiskeriminister Harald T. Nesvik på kaikanten i Lofoten, saman med Råfisklagets folk.Arkivfoto: Frode Adolfsen

- Behov for å tenkja nytt når det gjeld fiskerikontroll

Pelagisk Forening meiner at det er viktig å auka faktiske kontrollar, og ikkje straffeforfølja mindre formalkontrollar.

Leserinnlegg
Skrevet av2. desember 2019 12:23

Nærings- og fiskeridepartementets fiskerikontrollutval har overlevert rapporten sin til statsråd Nesvik. Rapporten kjem på høyring 2. desember. 

Pelagisk Forening er opptatt av berekraftig fiskeri, og at lovar og reglar skal føljast, og at det er viktig at næringsaktørane har like konkurransetilhøve. Presseoppslag, angåande bestikkingar, og omfattande svart sal av kongekrabbe, viser at det er behov for å tenkja nytt når det gjeld fiskerikontroll. 

Ikkje fleire avgifter

Statsråden gav uttrykk for at han ønskte vidare samarbeid med næringa, noko Pelagisk Forening meiner er positivt, og ønskjer å delta i. 

Utvalet rår til at kontrollarbeid skal finansierast av ei kontrollavgift. Pelagisk Forening ønskjer ikkje fleire avgifter, og meiner at kontrollarbeid bør finansierast med inndregne midlar, og over statsbudsjettet. 

Utvalet rådde òg til lovendringar, slik at ulike etatar kan utveksla informasjon utan hinder av teieplikt. Dette krev omfattande datasystem. Pelagisk Forening er òg opptatt av næringsaktørane sitt rettsvern, og personvern, og er spent på korleis utvalet tenkjer å ta omsyn til dette. Utvalet kritiserte òg at det er mange ulike kontrollinstansar, og at det er dårleg koordinering og leiing.

Betre tilpassing

 Utvalet foreslår òg oppretting av eit «Fiskeripoliti». Pelagisk Forening ser utfordringar med dette, og synest det er merkeleg om det skal vera ulike politi for ulike næringar. Det blei opplyst at berre 0,5 % av landingane blir kontrollert «på kaikanten». 

Pelagisk Forening meiner at det er viktig å auka faktiske kontrollar, og ikkje straffeforfølja mindre formalkontrollar. Det bør òg vurderast om uavhengig tredjepart bør stå for veging av fangst ved landingane. 

Pelagisk Forening meiner òg at regelverket må vera betre tilpassa dei praktiske utfordringane i næringa, og ikkje stilla krav som det er uråd å etterleva over tid. Til dømes er det mange ikkje-naudsynte saker når det gjeld fangstestimering. Det er òg truleg at med auka heimlar for gebyr. Dette har visse utfordringar i høve til rettstryggleik, då næringsaktøren får søksmålsbyrda. Dette i motsetnad til i straffesaker. Pelagisk Forening kjem til å levera høyringssvar i saka.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Ikke kommunisme eller dobbeltran - men langsiktig tenkt

Leserinnlegg
5 kommentarer3. desember 2019 20:16

- Regjeringen er på kollisjonskurs

Leserinnlegg
2 kommentarer2. desember 2019 16:05

- Er det trygt å spise villfisk fra Vågsfjorden?

Leserinnlegg
10 kommentarer2. desember 2019 10:03

Ti tusen støvler tramper i takt mot kvotemeldingen

Kommentar
2 kommentarer2. desember 2019 09:25

Tinte torskefileter fra Norge gjør suksess i London

Leserinnlegg
1 kommentar1. desember 2019 10:07

- Åpnere grenser gjør lovbrudd enklere

Kommentar
30. november 2019 15:41
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00