Oppdrettar: - Auka fare for utflagging av næringa

Havbruk
Ann Eileen Ditlevsen Nygård
Telefon 55 21 33 15
Mobil 932 56 318
6. november 2019 08:18

- Vi må ikkje bli skatta i hel, seier oppdrettar Erik Jarle Osland i Høyanger kommune til NRK Sogn og Fjordane.

- Forslaget om å auke skattlegginga vil vere øydeleggande. Vi treng kapital ute i distrikta og vi treng ei næring som er attraktiv for den yngre generasjonen, seier Osland i ein kommentar til forslaget om 40 prosent skatt på overskotet hos oppdrettarane.

Han fryktar at høgare skattlegging i Noreg aukar faren for utflagging av næringa.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane viser dei ferske skattelistene at Osland i 2018 hadde ei inntekt på 11.007.901 kroner, og formue på 277.327.590 kroner. Dermed er han den rikaste i heimkommunen Høyanger.

Han eig Osland havbruk i Sogn som har gjeve store overskot dei siste åra. Sidan 2014 er det samla årsresultatet etter skatt på nær 350 millionar kroner. I same periode har han tatt ut 165 millionar kroner i utbyte, skriv kanalen.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.