KVOTEBANK: - Staten er ikkje ein snill bestefar som deler raust ut verdfulle fiskekvotar til dei trengande, staten er ein rå kapitalist, skriv tidlegare fiskeskipper Knut Arne Høyvik i eit debattinnlegg om regjeringas forslag om ein statleg kvotebehaldning.Foto: Bjørn Tore Forberg
KVOTEBANK: - Staten er ikkje ein snill bestefar som deler raust ut verdfulle fiskekvotar til dei trengande, staten er ein rå kapitalist, skriv tidlegare fiskeskipper Knut Arne Høyvik i eit debattinnlegg om regjeringas forslag om ein statleg kvotebehaldning.Foto: Bjørn Tore Forberg

- Å kødde med fordeling av fiskekvotar, gjer ein ikkje ustraffa

Det er berre ein veldig liten del av kvotane som skal trekkast inn til staten, men du og du kor mykje bråk det kjem til å bli, dersom det blir gjennomført.

Leserinnlegg
Skrevet av3. september 2019 06:56

I den nye kvotemeldinga tek Nærings- og fiskeridepartementet til orde for å drage inn fisk til ein statleg kvotebank. Det er litt uklart kva slags retningslinjer kvotebanken skal arbeide etter, om kvotane skal lånast ut, leigast ut, auksjonerast bort for eit år i gangen- eller kva? Ressursrenteskatt er det uansett.

No er det sjølvsagt nokre som jublar og har ei oppfatning om at endeleg tek staten ein slags kontroll over fellesskapets ressursar. No skal «Bjørn» frå Båtsfjord og «Bjarne» frå Bømlo endeleg få sin rettmessige del av fellesressursane. Fisken tilbake til folket, Hurra!

Maksimere profitten

Men staten er ikkje ein snill bestefar som deler raust ut verdfulle fiskekvotar til dei trengande, staten er ein rå kapitalist. Når embetsverket i Finansdepartementet finn ut at staten har eigarskap til eit attraktivt mangelgode (fiskekvotar), vil Excel-rekneark og kalkulatorar bli henta fram i den ærverdige bygninga i Akersgata 40.

Ganske kjapt vil Finansdepartementet setje ein pris på kvotane, og kanskje hente ut resten av vinsten i ein kvoteauksjon. Staten vil maksimere profitten, og dei som har ein illusjon om at staten som har omsorg for dei som har minst, har følgt særdeles dårleg med i timen.

«Det beste i livet er gratis» syng Vazelina Bilopphøggers, ein song som ikkje er på hitlistene til samfunnsøkonomane i Finansdepartementet. Dei passar pengane våre godt, dei ligg på oljefondet som ein fugl på reiret, og ingen inntektsmoglegheiter greier å lure seg forbi kontrollpostane.

Gullkort til kvotebanken

I framlegget er det rett nok berre ein veldig liten del av kvotane som skal trekkast inn til staten, men du og du kor mykje bråk det kjem til å bli, dersom det blir gjennomført.

Når det blir kjent at staten har leigt ut 100 tonn torsk til høgstbydande, til ein av dei mest velståande fiskebåtreiarane på Vestlandet, medan ein fiskar i Finnmark står fram i Fiskeribladet og fortel at han tapte auksjonen, på grunn av mangel på kapital.

Då vil det hagle med lesarinnlegg, spørsmål i spørjetimen, og skuldingar om at staten legg lokalsamfunn aude i nord, medan kapitalistane på Vestlandet har gullkort til kvotebanken.

At det er ein Sunnmøring (Nesvik) som fann på det heile, vil føre til vedvarande grov banning langs store delar av kysten av Nord-Noreg.

Eg veit litt om dette, etter å ha vore med på nokre kvotefordelingsdebattar, der fordelinga av nokre få tonn med fisk, hadde potensial i seg til å velte heile det store lasset. For å sitere ungdomen; Å kødde med fordeling av fiskekvotar, gjer ein ikkje ustraffa. Og dette er ei omfordeling, der mest sannsynleg dei rikaste vinn og dei fattigaste taper. Dersom styremaktene mot alle odds likevel finn ut at kvotane frå statsbanken skal lånast ut gratis etter innfallsmetoden og med distriktspolitiske omsyn, bør dei allereie no sikre seg ein langtidsresept på Valium- med eit leveringsdyktig apotek.

Rein symbolpolitikk

Private aktørar må disponere kvotane, fiske dei og leverer fisken. Eg skjønar ikkje at det er i strid med at fisken framleis er ein felles ressurs, for på kva annan måte kan vi eigentleg gjere det?

Eg skjønar heller ikkje at denne løysinga med kvotebank gjer fisken meir «felles» enn før. Det er rein symbolpolitikk, og verdiskapinga kjem til å gå ned, og konfliktnivået vil gå opp. Det vil rett nok lande nokre kvotekroner ned i pengebingen til Siv Jensen, der ligg det forresten ca. 9600 milliardar kroner frå før- det byrjar å bli knapt om plassen i bingen.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

- Finnmarksmodellen må bestå

Leserinnlegg
11. februar 2020 09:30

Fiskeriministeren: - En politikk for små og store

Leserinnlegg
11. februar 2020 08:59

Rekefiskere fortrenges fra rekefeltene

Leserinnlegg
10. februar 2020 18:00
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00