SHANGHAI: Kina er Noregs viktigaste handelspartnar i Asia. I 2018 handla vi varer med Kina for nærmare 92 milliardar kroner.Foto: www.flickr.com Darrenlmh
SHANGHAI: Kina er Noregs viktigaste handelspartnar i Asia. I 2018 handla vi varer med Kina for nærmare 92 milliardar kroner.Foto: www.flickr.com Darrenlmh

Nesvik drar til Kina for å promotere norsk sjømat og norske sjømateksportørar

Marked
Ann Eileen Ditlevsen Nygård
Telefon 55 21 33 15
Mobil 932 56 318
19. august 2019 09:36

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen besøker Beijing og Shanghai i slutten av oktober. Samstundes skal fiskeriminister Harald T. Nesvik delta på Asias si største fiskerimesse i Qingdao og møte kinesiske motpartar i Beijing.

Hovudformålet med reisene er å stadfeste at Kina fortsetter å vere ein særs viktig marknad for norske verksemder, heiter det i et pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Frihandelsavtale

Næringsministeren er i Kina frå 30. oktober til 1. november., i samband med det pågåande arbeidet med ein frihandelsavtale mellom Noreg og Kina. Han vil mellom anna møte den kinesiske næringsministeren, og delta på norsk næringsliv si kraftsamling i Shanghai, Norway Asia Business Summit (NABS).

- Det er viktig å vise kinesiske styresmakter kor mykje det økonomiske samarbeidet med Kina betyr for Noreg. Dette er i positiv utvikling og har nådd eit nytt nivå etter statsbesøket til Beijing og Shanghai i oktober i fjor. Difor følgjer vi opp dei prosessane vi har starta, og politiske samtaler med styresmaktene i Beijing står sentralt, seier Røe Isaksen (H) i pressemeldinga.

zoomFISKEMARKNAD: I juli 2019 hadde eksporten av sjømat til Kina ein vekst i verdi på 33 porisent samanlikna med same periode året før. I same periode er det vekst i volum for fersk laks i Kina-regionen på 19 prosent. 
FISKEMARKNAD: I juli 2019 hadde eksporten av sjømat til Kina ein vekst i verdi på 33 porisent samanlikna med same periode året før. I same periode er det vekst i volum for fersk laks i Kina-regionen på 19 prosent. 

Vil auke eksporten

Fiskeriministeren besøker Kina frå 28. til 30. oktober, for å promotere norsk sjømat og norske sjømateksportørar. Han vil mellom anna delta på China Fisheries i Qingdao, samt halde fram med arbeidet for å sikre tilgang på marknaden for norsk sjømat i Kina.

- Eg er nøgd med den positive utviklinga i eksporttala for Kina og særlig ser fram til å vere tilstade på messa i Qingdao. Det er ei av dei største i verda i sitt slag, og bidrar til å synleggjere norske produsentar og eksportørar. Eg vil også møte kinesiske motpartar for å halde fram arbeidet med å sikre føreseielege rammer og for å auke eksporten av sjømat til Kina, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).

Då fiskeriministeren var vertskap for den kinesiske toll- og veterinærministeren Ni Yuefeng i mai, signerte dei to protokollar som omfatta tilgangen til den kinesiske marknaden. Ein som regulerer marknadstilgangen for norsk laks og ein om handel med fiskemjøl og fiskeolje.

Fiskeriministeren vil følgje opp dette i eit møte med minister Ni under besøket til Kina. Eit møte med den kinesiske landbruksministeren er også under planlegging. I samband med fiskerimessa i Qingdao, vil fiskeriministeren også delta i Norway-China Seafood Summit som blir arrangert av Sjømatrådet.

( VILKÅR )

DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00