Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).Foto: Nærings- og fiskeridepartementet
Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Nesvik reiser til Sør-Korea

Politikk
16. august 2019 10:25

Fiskeriminister Harald T. Nesvik reiser til Sør-Korea frå 14. til 17. oktober, for å fremje norsk sjømat på ein stadig viktigare marknad.

Sør-Korea har i løpet av dei siste åra utvikla seg til å bli ein viktig eksportmarknad for norsk sjømat. I 2018 eksporterte Noreg sjømat til Sør-Korea for 2,7 milliardar kroner, ein vekst på 15 prosent frå 2017.

- Eg ser fram til å besøke Sør-Korea, for å bidra til å gjere norsk sjømat meir synleg og sterkare posisjonert. Sjølv om eksporten har auka betydeleg dei siste åra, utgjer norsk sjømat berre 1,4 prosent av den totale marknaden, seier Nesvik i ei pressemelding.

Stort potensiale

Interessa for Sør-Korea er stor blant norske aktørar, og det er sterk interesse for norsk sjømat i koreansk verdikjede. I løpet av besøket vil fiskeriministeren delta på næringslivsseminar, ha politiske samtaler og besøke bedrifter.

- Den store marknaden kombinert med eit auka konsum gjer at potensialet framleis er stort. Difor vil eg leggje vekt på mogelegheitene for norsk sjømat og generell omdømebygging, både gjennom kontakt med myndigheitene og næringa, seier fiskeriministeren.

Fakta Noreg og Sør-Korea

* Varehandelen mellom Noreg og Sør-Korea har auka kraftig siste ti åra, frå 15 milliardar kroner i 2008 til nærmare 28 milliardar kroner i 2018. Sør-Korea er i dag ein av Noregs viktigaste handelspartnerar i Asia.

* Sør-Korea har på kort tid gått frå ein perifer marknad til å bli Noregs nest største marknad for sjømat i Asia. Sidan 2010 er eksportvolumet av sjømat meir enn dobla og eksportverdien femdobla. Veksten i sjømateksporten følgjer blant anna nedtrapping i tollsatsar, som følgje av frihandelsavtala mellom Sør-Korea og EFTA frå 2006. Etterspurnaden er spesielt stor etter norsk laks, makrell og kongekrabbe.

* Rundt 70 norske bedrifter er representert i Sør-Korea, kor 49 er bedrifter innan maritime næringar og petroleum.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00