Fem fylkeskommunar i sør overtar fiskerihamner 1. januar 2020

Hendelser
Ann Eileen Ditlevsen Nygård
Telefon 55 21 33 15
Mobil 932 56 318
14. august 2019 08:00

Kystverket har inngått avtaler om overføring av statlege fiskerihamner med fem fylkeskommunar i Sør-Norge, meld Kystverket på Twitter.

Dei fem avtalene gjeld til saman meir enn 150 hamner i Nye Viken fylkeskommune, Nye Vestfold og Telemark fylkeskommune, Agderfylka, Rogaland og Nye Vestland fylkeskommune. Fylka overtek den statlege hamneinfrastrukturen med verknad frå 1. januar 2020, kjem det fram på Kystverket si heimeside.

zoomEinar Vik Arset
Einar Vik Arset

- Å etablere infrastruktur for fiskeria har i alle år vore eit viktig oppdrag for Statens Hamnevesen og Kystverket. Utbygginga har hatt store ringverknader for mange lokalsamfunn langs kysten, uttaler kystdirektør Einar Vik Arset til eiga side.

Stortinget har vedteke at eigarskap og forvaltning av dei statlege fiskerihamnene skal overførast til regionalt forvaltningsnivå etter nærare avtale mellom Kystverket og dei enkelte fylka. Statens Hamnevesen og Kystverket har etablert fleire enn 700 fiskerihamner over ein periode på 150 år.

- Hamneportefølja til staten er eit solid fundament som fylka kan byggje vidare på i utvikling av næring og samfunn framover, meiner kystdirektøren.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00