JA TIL SKIPSTUNNEL: Marine Harvest vender tommelen opp for Stad skipstunnel. Selskapet har 300-400 rundingar av Stad årleg med ulike fartøy, og er avhengig av gode transportløysingar.Foto: Anders Furuset
JA TIL SKIPSTUNNEL: Marine Harvest vender tommelen opp for Stad skipstunnel. Selskapet har 300-400 rundingar av Stad årleg med ulike fartøy, og er avhengig av gode transportløysingar.Foto: Anders Furuset

- Stad skipstunnel viktig for å fremme laksevekst

Redaksjonen
25. oktober 2018 12:37Oppdatert:
25. oktober 2018 12:38

Nett.no melder at Marine Harvest seier ja til Stad skipstunnel.

- Stad skipstunnel er viktig for oss for å sikre logistikken mellom våre anlegg og fabrikken på Eggesbønes, seier regiondirektør Asgeir Hasund i Marine Harvest.

Selskapet har planar om å bygge ut fabrikken på Eggesbønes, på nordsida av Stadlandet. Anlegget er eitt av verdas største mottaksanlegg for laks.

Sikre transportløysingar

Asgeir Hasund viser til at Noreg har som mål å vekse kraftig innanfor sjømat, og han meiner at bygging av tunnelen er viktig for å fremme denne veksten.

- Vi er avhengige av gode og sikre transportløysingar for å ta unna denne veksten. Difor støttar vi Stad skipstunnel, seier Hasund til Nett.no.

Han opplyser at årleg har Marine Harvest 300-400 rundingar av Stad med ulike fartøy, og i snitt vert 15-25 av desse påverka av vêrtilhøva. Mest kritisk er frakt med levande laks.

- Dette utgjer rundt 150 lastar per år, og vi må alltid vere ekstra på vakt når det er dårlege vêrmeldingar. 

- Stad er ei utfordring for både servicefartøy, behandlingsfartøy og ikkje minst slep av utstyr til næringa som må gå over det utsette havområdet.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00