Villaks.Ill.foto: Halldor Kolbeins/DN
Villaks.Ill.foto: Halldor Kolbeins/DN

Villaksen høyrer heime i Klima- og miljødepartementet

Noreg har eit stort ansvar for å ta vare på villaksen, og laksen er ein del av norsk vassdragsnatur. Laksebestandane våre er utsett for truslar frå ulike hald. Det er difor naturleg at villaksforvaltinga høyrer inn under Klima- og miljødepartementet.

Leserinnlegg

Fiskeribladet tek på leiarplass 7. februar til orde for å flytte ansvaret for villaksforvaltinga frå Klima- og miljødepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet for å få ei meir heilskapleg forvalting. Det er ingen god idé, etter mi meining.

LES LEDEREN:Fornuftig å legge villaksen på fiskeridepartementets bord

Den atlantiske laksen består av ei stor mengd genetisk ulike bestandar frå vassdrag med utløp til det nordlege Atlanterhavet. Ein stor del av bestandane høyrer heime i norske vassdrag.

Villaksen er ein viktig del av den norske vassdragsnaturen. Miljøstyresmaktene regulerer fisket strengt og brukar store ressursar på gyro-bekjemping og kalking av vassdrag. Vi bør framleis forvalte villaksen som ein del av denne heilskapen.

LES OGSÅ:Fiskere ønsker at Sandberg tar over villaksen

Dagens ordning bidreg òg til ei heilskapleg forvalting av dei tre artene anadrome laksefisk i Noreg - laks, sjøaure og sjørøye. Vidare gjev ordninga ei god arbeidsdeling mellom miljøforvaltinga, vassdragsforvaltinga og fiskeriforvaltinga.

I fjor klassifiserte Vitskapleg råd for lakseforvalting 148 av dei 465 laksebestandane i Noreg etter Kvalitetsnorm for villaks. 80 prosent nådde ikkje målet om minst god kvalitet. Vi er no i gang med å lage ein plan for å forbetre kvaliteten på laksebestandane.

Vitskapleg råd for lakseforvaltning peikar på lakselus og rømd oppdrettfisk som dei største truslane mot laksebestandane i dag. Tiltak og verkemiddel mot lakselus og rømd oppdrettfisk er Nærings- og fiskeridepartementets ansvarsområde. Vi har tett dialog om desse utfordringane.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.