Koronapandemien får store konsekvensar for toktprogrammet til Havforskingsinstituttet. Førre veke sa forskingsdirektør Geir Huse til Tekfisk at dei jobba hardt for å gjennomføre tokt. Sidan er det klart at skreitoktet vart forseinka, og no melder instituttet at dei avlyser seks tokt.

Halvparten av toktprogrammet i mars og april er dermed kansellert.

- Vi har prioritert hardt, og vil gjere det vi kan for at vi får til å gjennomføre dei viktigaste leveransane til bestandsrådgjevinga, til dømes skreitoktet og Egga sør-toktet.