Fartøyet er basert på Kongsberg NVC 389 og er av same design som Sølvtrans allereie har under bygging hos Myklebust. Lastekapasiteten er på 4000 m3. Også dette skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San. Levering av det som blir bygg nr. 76 frå Myklebust Verft er kontraktsfesta til oktober 2021.

- Store mulegheiter

- Vi er stolte over å lykkast med fleire kontraktar til Sølvtrans. Det gjev oss store mulegheiter til å, i lag med alle involverte aktørar, utnytte positive synergiar og læring frå prosjekt til prosjekt. Kontrakten inneber også mange leveransar frå ei rekkje lokale verksemder der dei største i omfang er Kongsberg Maritime, MMC First Process og Hareid Group, seier dagleg leiar ved Myklebust verft, Inge-Jonny Hide, i ei pressemelding.

«Ronja TBN»
  • Eier: Sølvtrans Rederi
  • Lengde: 87,10 m
  • Bredde: 18,00 m
  • Design: Kongsberg Maritime CM
  • Verft: Myklebust verft. Skroget bygges i Tyrkia

- Vi opplever ein positiv marknad for denne 4000-kubikk serien som vi har kontrahert hos Myklebust og for oss finn vi den kvaliteten vi jaktar på lokalt, seier reiar og administrerande direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk i meldinga. (Saken fortsetter under bilete)

Foto frå signering av kontrakten, frå venstre ser vi prosjektleiar Tor Ove Stenersen og CEO Roger Halsebakk frå Sølvtrans, dagleg leiar Inge-Jonny Hide og prosjektleiar Tor Inge Nordmo frå Myklebust Verft. Foto: Myklebust verft

Fleire fartøy til same kunde

Verftet seier kontrakten høver godt med den strategien Myklebust har valgt ved å bygge fleire fartøy til same kunde med kjend teknologi og design.

– Det er også ei stor tillitserklæring frå Sparebanken Møre at dei stiller med byggefinansiering til nok eit nybygg ved Myklebust Verft, seier Hide i meldinga.

Med denne kontrakten har Myklebust ein ordrereserve på om lag ein milliard kroner innan nybygg og ettermarknaden. Verftet har 135 eigne tilsette.

Fartøyet er basert på Kongsberg NVC 389 og er av same design som Sølvtrans allereie har under bygging hos Myklebust. Foto: Illustrasjon Kongsberg Maritime

Les også disse IntraFish-sakene:

Brønnbåtkongen Roger Halsebakk satser på krilleventyr

Her er de nye brønnbåtene i 2019