I dag møtast Noreg og representantar frå EU for å forhandle fiskeriavtalen for neste år. Avtalen, som har ein verdi på om lag 8 milliardar kroner, skal dei kome til semje om, i Bergen.

— Avtalen med EU er viktig for Noreg. Saman kan vi sikre ansvarleg forvaltning av fiskebestandane i Nordsjøen. I år fokuserer vi særleg på forvaltning av torsk og tiltak som skal beskytte torskeyngel og småfisk i Nordsjøen, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

Kvotebytte og forvaltning

Første del av forhandlingane fann stad i London førre veke. Nå held dei fram i Bergen. Partane må bli einige om ein avtale innan 6. desember.

Fiskeriavtalen har to delar. Den første delen av avtalen handlar om forvaltning av felles fiskebestandar som torsk, hyse, sild og sei i Nordsjøen og Skagerrak.

Den andre delen av avtalen handlar om kvotebytte. Kort forklart får EU torsk-, sei- og hysekvote i Barentshavet og nokre kvotar i Nordsjøen. Noreg bytter til seg kolmule, lange/brosme, blåkveite og andre bestandar i EU-farvatn. I tillegg får vi delar av EU si kvote i Grønlands farvatn, blant anna blåkveite, uer og lodde.

Fiskeriavtalen og brexit

Norsk fiskeripolitikk og forvaltning er ikkje ein del av EØS-avtalen. Derfor forhandlar Noreg kvart år med EU om ein fiskeriavtale.

Dersom Storbritannia forlét EU 31. januar med ein avtale, vil fiskeriavtalen partane skal forhandle om i Bergen også gjelde for Storbritannia for heile 2020.

Etter brexit må Noreg forhandle med både Storbritannia og EU som sjølvstendige partar. Det betyr i praksis at det blir tre aktørar som saman må forvalte felles fiskebestandar i Nordsjøen.