Nær 300.000 laks har rømt frå norske oppdrettsanlegg til no i år, nær ei dobling i høve til heile fjoråret, skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Oppdrettsbransjen påfører norske lakseelvar og villaksen katastrofale problem. Det gjeld både gjennom genetisk forureining, spreiing av sjukdomar og spreiinga av lakselus, seier Knut Munthe Olsen til NRK Sogn og Fjordane. Han er leiar i Sogn villaksforeining og grunneigar i Årøyelva i Sogndal.

Nyleg rømte 10.000 oppdrettslaks frå slakteriet Brekke i Sognefjorden.

– Sesongen har vore veldig dårleg i år med lite villfisk i mange elvar.