Kontrollaksjonen som vart gjort i perioden 28. juni til 11. juli, var eit samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Agder politidistrikt, Statens naturoppsyn, Kystvakta og kommunane sine skjergardstenester.

Førsteinspektør Svein Hadland i Fiskeridirektoratet region Sør fortel at det i all hovudsak var ulovleg fiske og reiskap som ikkje er merkte og manglande fluktopning i teiner, som det vart slått ned på i kystområda til Agderfylka.

— Hugs at teiner som er sette til krabbefiske skal ha to fluktopningar på minimum 80 millimeter, ein på kvar side av teina. Og at all reiskap skal merkast med namn og adresse, minner Hadland om.

Han viser til at på nokre stader var teinene merkte etter regelverket, fluktopninga var riktige. Det var heller ingen ulovlege ruser eller ingen garn som var sett for grunt, eller slik at det bryt lokale reglar for nedsenking.

— Hugs at i perioden 1. juni til og med 15. august er det forbod mot fritidsfiske med garn grunnare enn 25 meter, minner han om.

Dette vart avdekka:

76 av dei kontrollerte reiskapane var ok, både med tanke på merking og fluktopningar.

Av dei 88 reiskapane som vart tatt beslag i var 74 teiner, ni ruser og fem garn.

13 av dei 51 forholda som vart melde til politiet hadde kjent gjerningsperson.

Det vart også gjeve 25 åtvaringar