Sidan den første generasjonen var ferdig slakta ut i vinter, har selskapet utført vedlikehald og forbetringar på pilotanlegget.

- Det vil alltid vere behov for å gjere tilpassingar på eit pilotanlegg. Perioden frå fisken var tømt for fisk er brukt til vedlikehald og forbetringar. Det er gjort fleire tilpassingar som me forventar skal gje enklare drift og betre resultat i produksjonen, seier konsernsjef Olav-Andreas Ervik i Salmar til IntraFish.

Slaktar i andre halvår neste år

Selskapet opplevde mellom anna ei utilsikta krenging på merden etter at ei luke vart ståande open.