Administrerande direktør i Fiskebåt, Audun Maråk, opplyser til NRK at det framleis er uklart om reketrålaren «Arctic Swan» får forlate Murmansk i dag. Trålaren blei tysdag beordra til kai i Murmansk i Russland, etter fiske i russisk sone i Barentshavet.

– Ting tek tid, seier han.

Maråk sa torsdag at dei håpte trålaren ville få reise i dag. Båten blei tatt inn for kontroll, fordi russiske styresmakter har mistanke om overfiske eller at det er gjort ein formalfeil.