– For å forstå bakgrunnen for råda våre til Oljedirektoratet, har vi samanfatta forskinga som ligg til grunn i ein rapport. Industrien har etterspurt ein slik oversikt, seier havforskar Lise Doksæter Sivle i ein artikkel publisert på Havforskingsinstituttets nettsider.

Kan vere kritisk i gytefelt

I rapporten tar dei føre seg fiskelarvar, vaksen fisk og kval. Det er dokumentert at enkelte fiskeartar, som torsk og hyse, svømmer vekk frå seismikkjelda i ein avstand på opptil 30 kilometer.

– Dette er ikkje nødvendigvis eit problem i beiteperioden med spreidd fisk ute på havet. Men dersom det same skulle skje på eit gytefelt der all fisken står samla i avgrensa område, kan det vere kritisk, forklarar Sivle.

Kan påverke rekruttering

For skreien til høve, skal havstraumane ta med seg egga og larvane frå gytefelta i Lofoten 1500 kilometer opp i Barentshavet, der fisken veks opp.

– Dersom fisken gyter egga ein annan plass, er det ikkje sikkert larvane vil drive der dei skal. Dette kan påverke rekrutteringa til bestanden negativt, seier ho.

Forskarane har derfor laga kart med tidspunkt over gyting for ulike fiskeartar. I desse områda og tidspunkta vil forskarane i utgangspunktet alltid rå frå oljeleiting.

Ut frå forskinga som finst trur ikkje havforskarane at seismikk utgjer risiko for nyklekte larvar.

Kval kan slutte å beite

Nord i Barentshavet kjem knølkval, finnkval og vågekval for å beite intensivt. Forskarane rår frå seismikk i desse områda. Dette er nytt frå 2019.

– Forskinga viser at pulserande lyd frå militære sonarar kan få kval til å slutte å beite og svømme vekk. I mangel på direkte kunnskap antar vi at seismikk vil ha same effekt. Når kvalen har kome eins ærend for å beite 24 timar i døgnet, er det noko vi ikkje bør avbryte, seier havforskaren.

Dei viktige beiteområda heilt nord i Barentshavet er ikkje opne for kommersiell seismikk i dag.

Dempar høg lydpuls

Rapporten tar også føre seg undersjøiske sprengingar. Forskarane gir ei rekke råd for korleis sprengladningar kan gjere minst mogleg skade på dyra i nærleiken.

– Du kan for eksempel legge ut eit boblegardin, eit røyr med ein straum av luftbobler, rundt ladningen. Dette dempar den høge lydpulsen som forplantar seg i vatnet, seier Sivle.

Også ved sprenging er gytetider viktige å unngå, fordi mykje fisk er samla på små område, legg ho til.

HIs rapport finn du her.