Havforskingsinstituttet melder at fjorårets undersøkingar i dei to fjordane viser at talet på egg er gått ned med rundt ein tredjedel i begge fjordane samanlikna med 2017.

Målet med eggundersøkingane er å følgje med på kor og korleis gytinga i Repparfjorden skjer, før og eventuelt etter eit sjødeponi for gruveavfall blir etablert. Revsbotn er kontrollfjord.

Rapporten for 2018 kjem ut samstundes som forskar Terje van der Meeren har byrja å førebu årets eggundersøkingar; som blir dei femte i rekkja.

— Tala for 2018 viser ein variasjon som vi ikkje har observert tidlegare.