Det meiner bedriftsrådgjevar og matematikar Silvija Seres. Ho peikar på at måten samfunnet blir drive framover på er meir og meir basert på sjølvstyring og dataprosessorar.

– Men big data og kunstig intelligens (IA) er berre eit verktøy. Det er alltid eit menneske bak. Til dømes kva din tanke er om korleis lusesituasjonen utviklar seg. Det er me menneske som må bestemme kva me vil med alle mønstera me kan få ut av innsamla data. Det nyttar ikkje å springe raskt dersom ein ikkje har ein retning.