Runde miljøsenter startar no eit omfattande forskingsprosjekt på silen, eller tobis, som mange kallar den. Det meld NRK Møre og Romsdal.

- Silen er viktig for næringsgrunnlaget både til torsk og til lundefugl, og ein av dei viktigaste fødeartane for dei fleste sjøfuglane i Noreg. Trass i dette er bestandane og biologien til sil langs Norskekysten ikkje kartlagt. Runde Miljøsenter (RMS) har i lag med Havforskingsinstituttet starta opp med kartlegging av sil ved Runde, skriv RMS på si nettside.

-