OMSTILLING: Oppdretsnæringa har vert flinke til å omstille seg. Politikarane må gjere det meir attraktivt og jobbe for at det blir meir tilrettelagt å byggje ut landbasert anlegg.Illustrasjonsfoto: Kjersti Kvile
OMSTILLING: Oppdretsnæringa har vert flinke til å omstille seg. Politikarane må gjere det meir attraktivt og jobbe for at det blir meir tilrettelagt å byggje ut landbasert anlegg.Illustrasjonsfoto: Kjersti Kvile

Korleis ser framtida til norsk fiskeoppdrett ut?

Eit landbasert fiskeoppdrett vil løyse mange av problema til oppdrettsnæringa.

Leserinnlegg
Skrevet av12. september 2020 15:02

Eventyret om norsk fiskeoppdrett starta så smått i 1970-åra, sidan den tid har næringen hatt en kraftig vekst og vi blitt verdens største eksportør av oppdrettslaks. 

Vi har omtrent 1100 lakseoppdrettsanlegg langs kysten og det er omsett ca. 1.4 millionar tonn laks og eksportert for 107,3 milliardar norske kroner. Som alt anna, er også denne næringa under utvikling. Vil vi blant anna sjå meir avansert sjømærder og landbaserte anlegg?

zoomHarald Nyland, Leiar i Fjordane Unge Høgre og 1. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre
Harald Nyland, Leiar i Fjordane Unge Høgre og 1. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre

Viktig å ta ansvar

Dei største problema for næringa i dag er rømming av laks, lakselus og utslepp av miljøfarleg stoffar. Dette påverkar miljøet rundt anlegga på ein negativ måte. I form av genetisk påverknad, opptak i ulike organismar som kreps, samt ulike parasitter og virus. 

Næringa har vert flinke til å omstille seg. Mengda på næringssalt har blitt halvert, men det blir fortsatt slept ut for mykje miljøgifter. Noko av dette finnes i fiskefôret, som kan akkumulere i bunnsedimenter og i næringskjeda.

Eit landbasert fiskeoppdrett vil løyse mange av desse problema på ein god måte. Ein får betre kontroll på vatnet som ein tar inn og slepp ut. Det vil heller ikkje vere problem med rømming av laks og heller ikkje medføre negative konsekvensar for livet i havet.

Må gjerast meir attraktivt

Sjølv om dette er i ein tideleg fase, vil den ha stort potensiale. 

No er det viktig at norske verksemder tar ansvaret og viser veg. Sjå til Fredrikstad Seafood, som er fyrst ut med landbasert oppdrettsanlegg.

Fleire faktorar har gjort det populært. Først og fremst gratis konsesjonar og at det har eit betre miljøavtrykk, samt betre fiskehelsa til fiskane. Det er kjempe bra, men det er eit problem. Finansieringa av landprosjekta er ei utfordring. Grunna usikkerheita rundt lønnsamheita og produksjonen av mengda laks, noko som gjer at bankane er restriktive med finansiering. 

Vi som politikarar må gjere det meir attraktivt og jobbe for at det blir meir tilrettelagt å byggje ut landbasert anlegg. Slik at også Noreg kan sette seg i førarsete i denne utvikinga.

Sjølv om landbasert anlegg vil vere framtida, er det også viktig at ein tar vare på dei anlegga vi har til sjøs. Vi treng ein god balansegang. Fiskeoppdrett har lenge vert sjølve livsgrunnlaget for folk som bur på kysten. 

Mange stadar har dette hindra fråflytting av små lokalsamfunn og skapt eit yrande lokalmiljø, arbeidsplassar og pengar inn til kommunekassa. Tar vi vekk anlegga til sjøs, tar ein også vekk livsgrunnlaget for dei som bur på kysten.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.