Endra seglingsmønster på Måløybrua

Hendelser
5. august 2020 10:37

Det blir endra seglingsmønster på Måløybrua på grunn av vedlikehald av brua. Arbeidet skal pågå fram til september neste år, skriv Fiskarlaget på si nettside.

Det er Statens vegvesen som skal utføre naudsynt vedlikehald på Måløybrua. Skader på brua skal reparerast, og det skal montast eit anlegg for såkalla katodisk vern som skal hindre at armeringa rustar.

Arbeidet skal pågå frå august 2020 til september 2021.

På grunn av stillas under brua vil seglingshøgda vere lågare enn normalt.

Seglingsmønsteret må difor mellombels endrast, i eitt seglingsløp av gongen.

Kystverket ber alle som planlegg i segle i området om å halde seg oppdatert om endringane, og kva som er gjeldande seglingsmønster til ei kvar tid.

Kystverket har oppretta ei Facebook-side for å formidle oppdatert informasjon om seglingsmønsteret under Måløybrua i vedlikehaldsperioden.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.