Det har vore forholdsvis svake årsklassar av sei dei siste åra, ifølge havforskarane.Foto: Per Ovesen
Det har vore forholdsvis svake årsklassar av sei dei siste åra, ifølge havforskarane.Foto: Per Ovesen

Havforskarane anbefaler ein lågare seikvote i Nordsjøen

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) meiner det ikkje skal fiskast meir enn 65.867 tonn sei i Nordsjøen neste år. Det er ein nedgang på 25 prosent i høve årets råd.

Fiskeri
Torhild Måkestad Martinussen
Telefon 55 30 22 34
Mobil 98404287
1. juli 2020 10:39

- Det har vore forholdsvis svake årsklassar av sei dei siste åra, men det er likevel innanfor det ein må kunna kalla naturlege variasjonar. Rådet er på nivå med fangstane 2012-2016, seier forskar Bjarte Bogstad i ein artikkel på Havforskingsinstituttets nettsider.

zoomBjarte Bogstad
Bjarte Bogstad

Høgare for torsk

For torsk i Nordsjøen er havforskaranes råd eit fiske på inntil 14.755 tonn, som er 8 prosent høgare enn rådet for 2020, men likevel svært lågt historisk sett.

- Kvoten for 2020 var eit kraftig kutt frå året før. At det går litt opp neste år, er på vilkår av at fangsten faktisk blir redusert i tråd med kvoten. Det er ikkje ei friskmelding av bestanden, seier Bogstad.

Opp for hyse

Kvoterådet for hyse i Nordsjøen går opp med 66 prosent til 69.280 tonn, medan rådet for kvitting går opp med 19 prosent til 26.304 tonn. Rådet for raudspette ned med 2 prosent til 162 607 tonn og rådet for lysing går ned med 6 prosent til 98.657 tonn.

Kvoteråda for Nordsjøen blir kvart år revurdert om hausten på grunnlag av oppdatert informasjon, slik at ein må rekne med at nokre av råda då kan bli endra.

Dei oppdaterte råda blir offentleggjort 13. november, opplyser Havforskingsinstituttet.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.