Breiflabb, lyr og raudspette har låge nivå av miljøgifter

Helse
Torhild Måkestad Martinussen
Telefon 55 30 22 34
Mobil 98404287
5. juli 2020 14:44

Havforskingsinstituttet melder at forskarar for første gong har kartlagt innhald av miljøgifter i norsk breiflabb, lyr og raudspette. Ingen av fiskane hadde nivå av framandstoff over grenseverdiane i fileten.

Stort sett låge verdiar

Prøvar av dei ulike fiskeslaga vart samla langs norskekysten og i Nordsjøen ved hjelp av kystreferanseflåten, andre fiskarar og tokt. Forskarar analyserte fiskeslaga for framandstoff i filet og lever i perioden 2016-2019. 

Kartlegginga var gjort på oppdrag for Mattilsynet. Nivåa var stort sett låge og under grenseverdiane som gjeld ved omsetjing av mat, opplyser instituttet.

Generelt fann forskarane høgare konsentrasjonar av framandstoff i breiflabb og lyr frå Sør-Noreg enn frå Nord-Noreg. For raudspette såg dei ikkje det same mønsteret, blant anna fordi raudspettene tatt i nord var større.

Åtvarar mot fiskelever

I lever av breiflabb og lyr fann forskarane konsentrasjonar av dioksin og dioksin-liknande PCB og PCB6 over grensene som er sett for lever av fisk.

På grunn av tidlegare funn åtvarar Mattilsynet generelt mot å ete fiskelever frå kystområda. Gravide, ammande og barn er åtvara mot å ete fiskelever uansett fangstområde.

Elles var det ingen prøvar av filet som hadde konsentrasjonar av kvikksølv, kadmium, bly, dioksin, dioksin-liknande PCB eller PCB6 over grenseverdiar.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.