Beslagla hummarteiner

Fiskeri
Torhild Måkestad Martinussen
Telefon 55 30 22 34
Mobil 98404287
26. juni 2020 13:47Oppdatert:
26. juni 2020 13:49

Fiskeridirektoratet minnar om at fram til 1. oktober er hummaren freda.

- Frå Fiskeridirektoratet sitt kontor i Trondheim var inspektørar på sjøen denne veka og gjorde nokre kontrollar av reiskap. Det kan dessverre sjå ut som respekten for lover og reglar må vike plassen for ønsket om å ha ein hummar på grillen, fortel inspektør Jan Brødreskift i ei pressemelding.

Vart beslaglagt

8-10 teiner hadde ikkje rett fluktopning, slik at hummaren kan kome ut. Nokre teiner mangla merking med namn og adresse. Desse vart beslaglagt under kontrollen, og blir overlate til politiet for vidare behandling, opplyser direktoratet.

Teiner som står i sjøen i fredingstida skal ha runde fluktopningar med 80 millimeter opning på kvar side av teina, minnar direktoratet om. I tillegg skal teina ha eit rømmingshol med nedbrytbar bomullstråd.

Frå 1. oktober er det tillate å fiske hummar, og du må registrere deg på «Min side» på fiskeridir.no.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.