Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H)Foto: Anders Furuset
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H)Foto: Anders Furuset

Har gjort endringar i deltakarlova og havressurslova

Regjeringa legg i dag fram eit lovforslag som skal sørgje for at sentrale tiltak i kvotemeldinga får nye lovheimlar som er oppdaterte og moderne.

Fiskeri
Torhild Måkestad Martinussen
Telefon 55 30 22 34
Mobil 98404287
19. juni 2020 11:55Oppdatert:
19. juni 2020 11:56

Det opplyser Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding fredag.

Ynskjer rask implementering

- Dette lovforslaget er det første viktige steget på vegen mot implementering av dei av tiltaka i kvotemeldinga som Stortinget har slutta seg til. Ei rask implementering er ønskeleg fordi næringa har behov for avklaring av framtidige rammevilkår, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Nye lovheimlar

Departementet viser til at lovforslaget inneber mellom anna innføring av nye lovheimlar for sentrale tiltak i kvotemeldinga, som til dømes nytt felles fiskeriløyve til erstatning for nogjeldande konsesjonar og deltakarrettar, faste kvotefaktorar og den nye kvoteutvekslingsordninga.

«Formålet med lovendringane er å leggje til rette for at fiskeriforvaltninga kan følgje opp dei av tiltaka i Meld. St 32 (2018-2019) Et kvotesystem for økt verdiskaping (kvotemeldinga) som Stortinget no har slutta seg til. Tiltaka i kvotemeldinga krev også forskriftsendringar, og departementet vil om litt kome tilbake med eit høyringsnotat med forslag til nødvendige forskriftsendringar», skriv departementet.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.