EI AV MONGE: Åshild-Sofie Skår er ei av nesten 100 jenter som no går på akvakultur-linja i Noreg. Foto: Marthe Njåstad

Elevtalet på akvakultur er meir enn tredobla på åtte år

AvMarthe Njåstad

Økningen har vore på 250 prosent dei siste åtte åra. Jentene tek stadig fleire av plassane.

NYHETER3. juni 2020

- Eg synest det er så spennande å jobbe ute på anlegg. Og veldig kjekt å få vera ute i båt. Eg har vore utplassert på oppdrettsanlegg og det verkar så kjekt å få ha dette som jobb, seier Andrea-Sofie Skår (17). 

Skår går på naturbrukslinja på Austevoll vidaregåande. Neste år blir det truleg akvakultur ho skal gå vidare på.

Ho elskar skulekvardagen som er fylt med praktisk arbeid og mindre teori. 

- Det kjekkaste er å vere i naustet å lage merdar, teiner og ruser, synest Skår.

zoomÅshild-Sofie Skår reparerer hol i ei merd som del av opplæringa på naturbrukslinja på Austevoll vidaregåande skule.
Åshild-Sofie Skår reparerer hol i ei merd som del av opplæringa på naturbrukslinja på Austevoll vidaregåande skule.

Meir enn tredobling av jenter

Det har vore ei stadig aukande interesse for å utdanna seg til akvakulturarbeidar. I 2012 var det 77 elevar som gjekk vidare på akvakultur på Vg2 i heile Noreg- i år er talet 273 elevar over heile landet.

Jentene får også auga opp for yrket i stadig større grad. I 2012 var det 27 jenter om gjekk Vg2 akvakultur, i år er det 95 jenter som fyller klasseromma i akvakultur på Vg2. 

- Me ser at delen jenter aukar. Det er svært positivt. I mange av Vgs-klassane er det no like mange jenter som det er gutar, det har det aldri vore før, seier fagsjef for næringspolitikk i Sjømat Norge, Stine Akselsen.

zoomJulie Bjånesøy er ei av de som skal vidare på VG2 akvakultur på Austevoll vidaregåande. - Me er fleire jenter som vel denne retninga no, seier Bjånesøy.
Julie Bjånesøy er ei av de som skal vidare på VG2 akvakultur på Austevoll vidaregåande. - Me er fleire jenter som vel denne retninga no, seier Bjånesøy.

- Meir målbevisste

Akvakultur-linja på Austevoll har samarbeid med Lerøy når dei gjeld opplæring på anlegg, og har ein opplæringskonsesjon på 780 tonn fisk. Lærar på naturbruk og akvakultur, Bjarte Haugland, ser ei endring i innstillinga til elevane.

- Det har vore mange flotte ungdommar opp igjennom, men det verkar som ungdommane me får inn no er meir målbevisste enn tidlegare. Austevoll er ein oppdrettskommune, og det er aukande interesse for dette feltet, seier Bjarte Haugland, og legg til:

- Det er store moglegheiter innan denne næringa, og dei tener gode pengar også. Det å få læreplassar pleier også å gå veldig greitt. Men det er klar at ungdommane må stå på og gjere eit godt inntrykk. Det er viktig. 

zoomBjarte Haugland er lærar på naturbrukslinja og akvakultur på Austevoll vidaregåande skule. 
Bjarte Haugland er lærar på naturbrukslinja og akvakultur på Austevoll vidaregåande skule. 

Helgejobb

Morten Storebø og Erlend Helland skal også vidare på akvakultur på Vg2. Dei har allereie ein fot inne i næringa, med helgejobb på Lerøy på Austevoll.

- Det er veldig kjekt å få vera ute på sjøen og i båt. Me er fleire i klassen som har fått helgejobb, seier Storebø. 

zoomMorten Storebø og Erlend Helland trivst godt med ein praktisk skulekvardag kor fleire timar blir brukt nede ved kaiområdet til skulen.
Morten Storebø og Erlend Helland trivst godt med ein praktisk skulekvardag kor fleire timar blir brukt nede ved kaiområdet til skulen.

Gode søkartal

Stine Akselsen i Sjømat Norge seier rekrutteringa til havbruk har vore veldig bra dei siste fem åra.

- Det har vore gode søkartal og me oppfattar at den jobben både Sett Sjøbein gjorde før det blei lagt ned, og slik mange andre har stått på, har vore svært positivt. Det vil vere svært viktig at ein også står på i åra som kjem, då næringa treng fleire kvalifiserte folk for å kunne fullføre alle dei prosjekt og mål ein har sett seg, seier Akselsen.

For behovet for tilsette, er absolutt til stades, fortel fagsjefen.

zoomStine Akselsen fagsjef næringspolitikk Sjømat Norge
Stine Akselsen fagsjef næringspolitikk Sjømat Norge

- Me har framleis mangel på kvalifisert personell. Næringa har utvikla seg raskare enn utdanningsløpet, det viser til dømes behovet for å få på plass havbruksteknikaren. Ennå er ikkje denne utdanninga helt i mål, me ventar berre på den formelle godkjenninga frå Utdanningsdepartementet og håper sjølvsagt på eit ja der. Signala frå Utdanningsdirektoratet har vore svært positive. Me håpar departementet også ser kor stort behovet er for å splitte dagens fagbrev, seier Akselsen.

Les også:

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.