Redusert kroneeffekt framover samt utfordringar kring korona, kan gjere det utfordrande å nå visjonen om 200 milliardar før 2030.Foto: Morten Hjertrø
Redusert kroneeffekt framover samt utfordringar kring korona, kan gjere det utfordrande å nå visjonen om 200 milliardar før 2030.Foto: Morten Hjertrø

Lever visjonen om 200 milliarder i sjømateksport innan 2030 framleis?

Kommentar
Skrevet av30. mai 2020 17:08

Over dei siste ti åra har sjømateksporten vokse med knappe 5,9 milliardar kroner per år i fylgje Sjømatrådet, og før korona var det venta at denne veksten ville halde fram. I fylgje Sjømatrådet sine berekningar ville det gi ein eksportverdi på knappe 170 milliardar i 2030, ein verdi ein kunne auke med ytterlegare 30 milliardar gjennom posisjonering og synleggjering av norsk sjømat som bærekraftig. Verda og konsumentane er godt inne i eit grønt skifte, og bærekraftige produkt er normalt sett ei vare ein kan vere viljuge til å betale noko meir for. Før korona hang reknestykket godt i hop, men med og etter korona har nok ein del føresetnadar og forventningar til reknestykket fått seg ein liten knekk.

Eksporthistorikk

Dei siste ti åra har snitteksporten av norsk sjømat vore 2,6 millionar tonn årleg, og eksportverdien har dobla seg frå 53,8 milliardar i 2010 til 107,3 i fjor. Fiskeriandelen har falt frå nesten 70 prosent til i underkant av 60 prosent i volum, og frå 40 til 30 prosent i verdi. Sjølve volumveksten er det difor Havbruksnæringa som har stått for. Volumet i fiskeria er naturleg nok styrt av ressursgrunnlaget, og for villfisk har volumet falt litt i perioden. Det er ergo ikkje volumvekst som har sørga for ei dobling av eksportverdien dei siste ti åra.

Sidan 2010 har eksportverdi per kilo dobla seg fram til i dag. I 2010 låg verdien per kilo i underkant av 20 kroner, men i 2019 bikka me 40 kroner kiloen. Prisvekst har difor vore den viktigaste drivaren bak den fine utviklinga i eksportverdi dei siste ti åra. Auka pris er ein kombinasjon av mange ting. Sjømat er til dels ressursbegrensa, etterspurnaden etter sjømat har auka, det grøne skifte har dreia konsumet mot meir bærekraftige og sunne produkt, produktutvikling/bearbeiding etc. For norsk sjømat har også svakare krone bidrege, og er ein betydeleg årsaksfaktor.

zoomKay Ove Hafsås, økonom/rådgiver i Fiskebåt.
Kay Ove Hafsås, økonom/rådgiver i Fiskebåt.

Svak krone

Basert på ei forenkla antaking om at norsk sjømat eksporterast 50 prosent i euro, 40 prosent i amerikanske dollar og 10 prosent i japanske yen jamt over, finn me at krona har svekka seg i snitt 3,5 prosent årleg mot denne valutakurva i perioden 2010-2019. Prisjustera me denne effekten i eksportverdi per kilo finn me at svakare krone kan forklare inntil 50 prosent av eksportverdiauken dei siste ti åra. Her vil det sjølvsagt vere variasjonar innanfor både havbruk og fiskeri, pelagisk og torskefisk etc., men den raude tråden er at krone-effekten har vore betydeleg for næringa generelt i perioden.

Svakare krone kan difor i stor grad forklare inntil 3 milliardar av den årlege eksportverdiveksten i perioden 2010-2019. Er det eit bidrag ein kan forvente også framover? Ja, i alle fall for 2020, der svakare krone definitivt vil gi eit positivt eksportbidrag sidan krona har fått seg ein ytterlegare knekk no grunna marknadseffektar av koronasituasjonen. Eit eventuelt fall i nominell eksportverdi i 2020 vil nok vere eit resultat av andre ting enn krona.

Krone-effekt frå 2021

Frå 2021 er derimot vegen meir usikker, og me vil nok sjå både avtakande og periodevis motsatt NOK effekt på eksportverdiane den komande tiårsperioden. Uansett vil det høge kostnadsnivået, handelsunderskot ex olje og den låge produktivitetsveksten i AS Noreg bidra til at me uansett ikkje treng frykte den store krone-styrkinga framover.

I ein situasjon der koronakrisa no framover i all hovudsak må handterast finanspolitisk for å få økonomiane på fote igjen er Noreg i ei særstilling sidan økonomiske stimulansar i all hovudsak kan finansierast via midlar på bok. Når OPEC + i tillegg har skjønt alvoret og har gjennomført betydelege produksjonskutt, verkar det verste også vere over for nedsida i oljeprisen. Dette, samt begrensa smitte i befolkninga, bidreg til at Noreg vil kunne handtere den usikre perioden framover betre enn dei fleste når det gjeld å få hjula i gong att. Det bør redusere sannsynet for svakare krone enn det me har sett hittil i 2020 framover. Ei vedvarande årleg krone-svekking på 3,5 prosent frå 2021 og utover er difor ikkje noko ein bør rekne med.

Visjon med utfordringar

Redusert kroneeffekt framover samt utfordringar kring korona kan difor gjere det utfordrande å nå visjonen om 200 milliardar før 2030. Korona rammar sjømatindustrien gjennom pågåande tiltak for å dempe smitte og effekten av desse på kjøpekraft og forbrukaråtferd. Verda vil bruke lang tid på å hente inn igjen aktiviteten frå pre korona, og truleg vil denne krisa medføre ei rekkje konkursar og lågare sysselsetjing over ei lenger periode. 

Både her heime, og internasjonalt vil nok mange oppleve eit fall i kjøpekraft dei neste par åra. Det vil jamt over gjere den gjengse forbrukar meir selektiv og dreie konsum/forbruk mot det nødvendige og meir rimelege alternativ. I denne konkurransen vil det kunne gi eit press både på prisar og volum i dei fleste næringar. Sidan befolkninga veks, og folk må ha mat, vil truleg sjømatnæringa likevel bli mildare råka enn andre over tid. Mykje tyder også på at pelagiske artar vil stå koronaeffektane betre av enn tilfellet er for torskefisk og til dels laks.

Mindre betalinsviljuge

Hotell og restaurantmarknaden vil også bruke tid på å kome tilbake til normalen. Før det føreligg ei vaksine vil folk naturleg nok vere meir reiserestriktive sjølv om grensene opnast, og redusert kjøpekraft vil sannsynlegvis redusere antall restaurantbesøk ei periode.

Det er og grunn til å tru at lågare kjøpekraft gjer folk mindre betalingsviljuge ovanfor bærekraftige og sunnare alternativ. Meirverdien av bærekraft vil difor truleg falle samanlikna med ein normalsituasjon med full aktivitet i økonomiane. Det har også vore undersøkingar den siste tida, både nasjonalt og internasjonalt, som har peika på enkelte tendensar mot meir usunt kosthald under koronaperioden. Dette er ikkje gunstig for sjømatnæringa totalt sett om ein slik tendens får rotfeste.

Tiltak kring korona gir ein del logistikkutfordringar, og transport blir dyrare. Usikkerheit kring næringar og økonomisk utvikling har ramma kredittmarknaden. Kredittrammer har blitt reduserte, kredittforsikringspremiane har auka og vurderingane kring eksisterande og nye engasjement har blitt strammare. Dette gir utfordringar for eksportnæringane når det gjeld tilgang og kostnadar til eksisterande marknader, men ikkje minst i det å finne nye marknadar og nye kundar. Økonomisk usikkerheit set større krav til likviditet, dempar investeringslysta, og tilgangen til finansiering blir vanskelegare. Innovasjon og verksemdsutvikling kan verte skadelidande.

Mange fryktar også at koronasituasjonen vil redusere internasjonal handel framover sidan forventningar til auka nasjonal proteksjonisme kan medføre handelskonflikter som blussar opp igjen. Fleire importbarriere er det siste marknaden treng i gjeldande situasjon.

Visjonen lever

Koronasituasjonen har difor gitt 200 milliardar-visjonen innan 2030 fleire fartsdumpar. Det einaste sikre er at verda vil ha lågare aktivitet framover, og enkelte meina at den variasjonen og det utbodet me hadde på tilbodssida innan varer og tenester pre korona aldri kjem tilbake.

For enkelte næringar vil nok dette stemme, men innan sjømatnæringa vil me nok med tida overskride tidlegare toppar. Folk må ha mat, og det blir stadig fleire munnar å mette. Då handlar det om å posisjonere seg slik at norsk sjømat blir det føretrekte alternativet framover. Det stiller krav til heile verdikjeden, alt frå eksempelvis effektivisering, kvalitetsheving og produktutvikling til marknadsføring og synleggjering av bærekraft etc. Dette er kostbare prosessar, men er eit arbeid som bør intensiverast no medan marknaden og verdsøkonomien er nede i kneståande. Det vil ein med stort sannsyn få betalt for når verdsøkonomien er tilbake på stødige føter.

200 milliardar i 2030 er difor framleis mogleg. Det er hope in the hanging snore som Nils Arne Eggen sa det i si tid. Korona har berre gjort visjonen litt vanskelegare å oppnå. Ein kan heller ikkje rekne med at kroneeffekten dei neste ti åra blir tilsvarande dei ti føregåande, noko som gjere visjonen enno vanskelegare å realisere.

I 2030 veit me derimot svaret. Alle er heldigvis profetar når ein ser seg attende.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.