ASIA: Fra et fiskemarked i Bangkok, Thailand.Ill.foto: Anders Hannemose Furuset
ASIA: Fra et fiskemarked i Bangkok, Thailand.Ill.foto: Anders Hannemose Furuset

Prosjekt Asia 2020?

Betre marknadstilgang for sjømat krev konkret innsats og prioritering. Det krev ressursar og kompetanse. Aukande proteksjonisme og koronapandemi har endra det handelspolitiske kartet.

Kommentar
Skrevet av24. mai 2020 16:03

I 1986 blei Prosjekt Japan opna av fiskeriminister Thor Listau. Prosjektet var eit fellestiltak mellom myndigheiter og næring, og blei ein suksess. Prosjektet var særleg viktig for at norsk laks fekk innpass i Japan. Nesten ein mannsalder seinare har både Japan og andre asiatiske land blitt viktige marknader for sjømaten vår. Men dei asiatiske marknadene kan vere krevjande å få innpass i. Dei politiske og administrative systema er ulike våre europeiske. Dette biletet blir forsterka av at vi framleis manglar frihandelsavtaler med dei store landa, som Kina, Japan og India.

Sikre betre marknadstilgang

Etter Prosjekt Japan har både næringa og myndigheitene arbeidd systematisk og godt mot asiatiske marknader, men det er eit arbeid som ikkje gjer seg sjølv. Det er fleire gode grunnar til at vi, både myndigheiter og næring, framover bør auke trykket og ressursbruken. Vi må sikre og betre marknadstilgangen til dei asiatiske landa.

Den globale tyngdekrafta er i endring i favør av dei asiatiske økonomiane. Den økonomiske veksten i Kina dei siste tiåra har vore utan sidestykke. Pandemien skaper naturleg nok usikkerheit også i Asia. Men vi har sett at etterspurnaden raskare kjem tilbake i Asia enn elles i verda.

Marknaden og etterspurnaden etter sjømat i denne regionen er stor og variert. Forbrukarane har sterke tradisjonar for ete langt meir fisk og skaldyr enn det vi er vant til. Både dei store volumprodukta våre, og ei rekkje nisjeprodukt, finn gode marknader i Asia. Godt betalte levande skaldyr er eit aktuelt døme på dette. Det same gjeld mager og rygger av ulike kvitfiskartar.

Proteksjonisme

Vi har over dei siste åra sett klare tendensar til proteksjonisme og handelshindringar globalt. Dette vil truleg bli forsterka av pandemien. Dette forsterkar det faktum at arbeidet med handelspolitikk og marknadstilgang er eit kontinuerleg arbeid, som krev "næring og pleie".

Sjømat Norge meiner tida er moden for ei fornya satsing på Asia, med vekt på Kina. Vi har svært stor respekt for at vi som ein liten nasjon er prisgitt motparten når det gjeld å få betre marknadstilgang. Men det kan vere verdt å sjå på områder der vi sjølve kan gjere ein innsats for å påverke situasjonen.

Vi bør styrke representasjonen vår i regionen, ved å opprette ei stilling som fiskeriråd ved den norske ambassaden i Kina. Norge har til ei kvar tid fiskeriråder tilknytt ambassadar i land der vi har særskilde fiskeriinteresser. Vi har i dag fiskeriråder i Brussel (og Moskva). Tidlegare har vi hatt fiskeriråder i Washington, Genève og London. All erfaring viser at det er viktig å ha ressursar lokalt, med fagkunnskap, med høve til å halde tett kontakt med lokale styresmakter for å få på plass løysingar som kan lette importen. I Kina gjeld dette mellom anna det årelange arbeidet med å få godkjenning av rekke ulike sjømatprodukt frå Norge.

Rydde opp nasjonalt

Vi må ha tilstrekkeleg politisk deltaking i arbeidet vårt i Asia, og særleg Kina. Ikkje sjeldan ser vi at mykje godt arbeid frå embetsverket treng ei politisk markering for å nå det endelege resultatet. Det er viktig at styresmaktene våre er merksame på denne dynamikken og at det vert sett tilstrekkeleg politisk kapasitet inn i dette arbeidet.

Vi må rydde opp i nasjonalt regelverk som hindrar eksport. I det nasjonale norske regelverket har vi føresegner som er til hinder for handelen med fleire etterspurde produkt, særleg til Asia. Regelverk, som utelukkande er knytt til kvalitet på produkt kan utgjere direkte handelshindringar frå norsk side. Dette kan vere krav om bløgging og sløying av fisk, som står i vegen for kva som blir etterspurd i marknaden. Dette bør ein frå norsk side rydde opp i snarast råd.

Vi må difor ikkje berre sjå oss blinde på at betre marknadstilgang må skje i ein samtale eller forhandlingar med motparten. Det er heldigvis også ting vi kan gjere einsidig her "heime på berget" også.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.