PÅ SJØEN: Å køyra båt er noko av det Wengaard trivst svært godt med i jobben på oppdrettsanlegg.Foto: Privat
PÅ SJØEN: Å køyra båt er noko av det Wengaard trivst svært godt med i jobben på oppdrettsanlegg.Foto: Privat

Han kjempar for høgare grunnløn og betalt matpause på merdkanten

Tillitsvald Jørgen Wengaard i Mowi  er sikker på at oppdrettsnæringa har ei lysande framtid.

Havbruk
Marthe Njåstad
9. mai 2020 13:45

Jørgen Wengaard (28) begynte i havbruksnæringa som 15-åring. Han er hovudtillitsvald for driftsteknikarane i Mowi i region sør og tilsettevalt styremedlem i konsernstyret til Mowi.

Denne månaden tek 28-åringen truleg over som konserntillitsvald i Mowi etter Bjørn Kristian Haug som skal pensjonera seg. Førebels er han den einaste kandidaten til vervet.

zoomGODT ARBEIDSMILJØ: - Ein må trivast med å vera utandørs i all slags vêr, og ein bør ha moglegheit til å jobba ein del overtid, ettersom mykje av operasjonane våre skjer i helger eller på kvelds- og nattetid. Men du verda for ein fantastisk jobb og eit godt arbeidsmiljø me har, seier Wengaard om jobben som driftsteknikar. Her er han ved Haverøy-anlegget.
GODT ARBEIDSMILJØ: - Ein må trivast med å vera utandørs i all slags vêr, og ein bør ha moglegheit til å jobba ein del overtid, ettersom mykje av operasjonane våre skjer i helger eller på kvelds- og nattetid. Men du verda for ein fantastisk jobb og eit godt arbeidsmiljø me har, seier Wengaard om jobben som driftsteknikar. Her er han ved Haverøy-anlegget.

- Eg må formelt veljast inn, men det ligg an til at eg tek over vervet. Å bli konserntillitsvald og få jobba med tillitsvaldsarbeid på heiltid blir både veldig spennande og utfordrande, men også litt rart. Eg kjem nok til å jobba ein del helger og ved behov på anlegget framleis, slik at eg ikkje mister kontakt med det me eigentleg heldt på med, seier han til IntraFish.

Å bli konserntillitsvald og få jobba med tillitsvaldsarbeid på heiltid blir både veldig spennande og utfordrande, men også litt rart

Korona-stengt

Vi skulle gjerne ha møtt den engasjerte bergensaren ute ved Mowi sitt anlegg ved Haverøy. Men koronaviruset gjer at dei har strenge restriksjonar på kven som får koma på besøk. 

- Me er heldige som har ein jobb å gå til, og drifta går som normalt ute på anlegga. Men me har strengare rutinar for hygiene og desinfeksjon, restriksjonar på besøk - og me må halda meir avstand til kollegaer og organisera skifta våre litt annleis, seier Wengaard.

Enormt ansvar

Haverøy-anlegget ligg vest for Angeltveit på Sotra utanfor Bergen. Her har Wengaard jobba som driftsteknikar sidan 2013.

Jørgen Wengaard

Stilling: Driftsteknikar ved Haverøy-anlegget til Mowi.

Verv: Hovudtillitsvalt for driftsteknikarane i Mowi, region sør og tilsettvalt styremedlem i konsernstyret til Mowi. Han er også styremedlem i Unionen Fagforening, styremedlem i Opplæringskontoret for fiskerifaga i Hordaland og sensor i prøvenemnda for akvakultur.

Alder: 28 år

Bur: Bergen

Sivilstatus: Singel

Utdanning: Fagbrev i akvakultur frå Fusa vgs. og årsstudium i havbruksdrift og leiing frå Nord universitet. 

- Me har eit enormt ansvar, men samtidig stor fridom innanfor visse rammer. Det å få lov til å køyra båt i jobben kvar dag er fantastisk. Ingen dagar er like, og vêret styrer ofte kva som blir gjort på jobb, seier han.

Wengaard seier at spørsmålet om høgare grunnløn er noko som opptek dei tilsette han representerer.

- Det som kanskje er viktigast for dei tilsette på merdkanten er å få opp grunnlønna, altså den løna ein går til banken og søker lån med. Då hjelper det lite å seia at me jobbar mykje overtid eller at me får bonus når bedriftene ønsker å gje oss det. Det er også mange tilsette som ønsker betalt matpause, ettersom me er disponible for arbeidsgjevar dei timane me er på jobb, og ikkje kan gå noko stad.

Han peikar på at dei tilsette på anlegga er ein viktig del av verdikjeda i selskapet.

- Det er farming-delen av Mowi som står for det aller meste av innteninga. Me har ganske gode argument for at me bør vera blant dei lønnsleiande bransjane i samfunnet.

Lys framtid

Den 28-år gamle driftsteknikaren har alltid har hatt interesse for havet, båtar og fiske. Læretida gjennomførte han i Firda Seafood og då han tok fagbrev som 19-åring vart han lokalitetsansvarleg for to matfiskanlegg på Byrknesøy. Sidan den gong han aldri sett seg tilbake, fortel han.

- Då eg kom inn i næringa i 2007 var det heilt moderate tider. Laksen var verdskjent og populær, men det er først dei fem siste åra eg verkeleg har merka stor og stadig aukande interesse for det unike produktet me produserer. Norsk laks har svært høg kvalitet og strenge krav, både med tanke på sertifiseringar og kundekrav. Det seier litt om kvaliteten til et produkt når ein kan ete det rått utan bekymring. Eg er sikker på at oppdrettsnæringa har ei lysande framtid.

Då eg kom inn i næringa i 2007 var det heilt moderate tider

zoomVED MERDKANTEN: Jørgen Wengaard ute på arbeidsplassen sin på Haverøy. Haverøy var verdas største oppdrettsanlegg for laks då det vart etablert i 1987, fortel Wengaard.
VED MERDKANTEN: Jørgen Wengaard ute på arbeidsplassen sin på Haverøy. Haverøy var verdas største oppdrettsanlegg for laks då det vart etablert i 1987, fortel Wengaard.

Lakseskatt til gode for lokalsamfunnet

Grunnrenteskatten er noko som også opptek Wengaard, Han trur det kjem til å enda med at bransjen får ei form for skattlegging for arealet dei bruker.

- Fram til dette vart ein diskusjon, så har jo nettopp Noreg vore i ei særstilling med tanke på skattlegging av havbruksnæringa. Mange av dei andre landa som produserer laks har ein slik type skatt allereie. At diskusjonen kjem opp no som næringa opplever superprofitt er ikkje uventa. 

Han legg til at for han er det viktig at ein slik type skatt vil kunne stimulere til vekst og meir positiv innstilling til lakseoppdrett og forståing i lokalsamfunna.

For høgt nivå på skatten

Men nivået på skatten som er lagt fram så langt er han ikkje einig i.

- Sjølve skattenivået er heilt urealistisk høgt. Her trur eg aktørane i næringa har å tena på å gå saman og ta ein edrueleg diskusjon med dei som styrer landet, slik at ein kan verta einige om ei skatteordning som bevarer Noreg si konkurranseevne også i åra framover.

Når det kjem til vidare vekst i næringa meiner Wengaard at det må skje svært forsiktig i form av grøne konsesjonar, og i område med lite utfordringar med sjukdom og lus.

- Auken bør skje i takt med etterspurnaden, slik at me held oppe ein sunn laksepris som både bedriftene og kundane kan leva med. Me er del av ei rivande teknologisk utvikling innanfor bransjen, og eg meiner absolutt ikkje at frislepp av konsesjonar er ein lur strategi når lusekoden vert knekt ein vakker dag.

Glad i å reisa

Kva gjer du når du ikkje jobbar? 

- Det blir ein god del jobbing, spesielt det siste halvåret av produksjonen som er prega av hyppige avlusingar, store mengder utfôring og slakting av fisk. Men når eg ikkje jobbar trivst eg godt med å vera saman med venner og familie. Frivekene bruker eg som regel til prosjekt på heimefronten eller utanlandsreiser. Eg har vore i nærare 40 land, og fleire skal det bli så snart grensene vert opna igjen. Det blir også ein del løpeturar og fjellturar, litt fisking og «undervatnjakt».

Dersom du var fiskeri- og sjømatminister for ein dag. Kva ville du gjort?

- Då ville eg invitert alle toppane og tillitsvalde i både dei store og små selskapa i næringa til ei stor samling, kor alle får koma med sine ønsker, tankar og bekymringar. Eg ville også invitert fagpersonar som kunne ha kome med utfyllande faktabasert informasjon. Det er aktørane i næringa som veit kor skoen trykker, og fiskeri- og sjømatministeren må legga best mogleg til rette for at aktørane skal prestera best mogleg for ei trygg og berekraftig utvikling av ei næring med eit enormt potensial.

zoomLAKS: Wengaard held fram ein slakteklar laks frå førre utsett på Haverøy.
LAKS: Wengaard held fram ein slakteklar laks frå førre utsett på Haverøy.

Ufortent kritikk

Wengaard synest at bransjen han jobbar i til tider får ufortent mykje pes.

- Som regel er denne kritikken basert på for dårleg kunnskap om næringa. Kanskje må næringa sjølv bli flinkare til å komma ut med alt det positive næringa står for. Slik eg ser det finst det ikkje noko meir berekraftig enn å produsera sunn og god mat i havet, og laks slår dei andre proteinprodusentane på dei aller fleste område.

Eit hjartesukk for 28-åringen er den låge andelen kvinnelege kollegaer ute på merdkanten. Han skulle gjerne sett at dette talet auka.

- Kvinneandelen i Mowi er høg, men i form av at dei jobbar enten på kontor, på settefiskanlegg eller på slakteria. På sjøsida trur eg det er færre enn 1 av 10 tilsette som er kvinner. Det er veldig viktig for likestillinga å få fleire kvinner ut på merdkanten. Eg trur det hadde vore bra både for HMS og orden. Kanskje mannfolka hadde oppført seg litt bedre også, seier Wengaard med eit smil. 

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...