I FJORDEN: Nordic Mining sine planar om deponi i Førdefjorden er omstridde. Foto: Luca Kleve-Ruud
I FJORDEN: Nordic Mining sine planar om deponi i Førdefjorden er omstridde. Foto: Luca Kleve-Ruud

- Gruvedumpinga i Førdefjorden er ulovleg

I fleire år har miljøvernarar og bygdefolk kjempa mot selskapet Nordic Mining sine planar om gruvedumping i Førdefjorden.

Kommentar
Skrevet av25. april 2020 19:30

Nå er det fleire ting som tyder på at Nordic Minings planar om å fylle fjorden med slam bryt lova, og regjeringa har fått ei ny moglegheit til å stanse forureininga.

Ta vare på fjordane

Noreg er verdskjent for fjordane våre, dei har gitt oss mat og naturopplevingar sidan menneska først kom hit, og er heim til fleire viktige artar. Havet vårt er for tida under press frå mange kantar - med plastforsøpling, forureining og klimaendringar. 

Det er viktig at me tar vare på dei fjordane som framleis er reine og intakte. Men fjordane våre er truga av politikarar som vil la gruvenæringa dumpe avfallsproblema sine i havet.

Det er viktig at me tar vare på dei fjordane som framleis er reine og intakte

I bygda Vevring i Sunnfjord kommune har selskapet Nordic Mining fått løyve til å etablere gruvedrift og dumpe opptil 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden. Fjorden er gyteplass for fleire raudlista artar, og Havforskingsinstituttet har åtvara kraftig mot å bruke fjorden på denne måten. Likevel har Nordic Mining fått lov til å bruke fjorden som dumpeplass etter dei fekk utsleppsløyve av Miljødirektoratet i 2015. Direktoratet hadde først frårådd gruvedrifta, i tråd med åtvaringane til havforskarane. Dei snudde seinare, då dei blei bedne om å legge meir vekt på samfunnsnytta ved gruvedrifta. Då fann dei at fordelane med gruvedrift oppvog ulempene med fjorddumpinga.

zoomGaute Eiterjord, student.
Gaute Eiterjord, student.

Ulovleg

Vedtaket har møtt tross stor motstand frå lokale bygdefolk, laksefiskarar, opprettsnæringa, reiselivsnæringa og miljøorganisasjonar. Regjeringa har likevel ikkje rikka seg og Nordic Mining har fått ture på med dumpe-planane sine. 

Nå viser det seg imidlertid at løyvet Nordic Mining har fått til å dumpe avfallet i Førdefjorden etter alt å døme er ulovleg. For å få lov til å forureine i Noreg må ein ha løyve til det etter forureiningslova, og lova seier at viss du skal forureine naturen så skal du ha ein skikkeleg god grunn til det.

Gaute Eiterjord

(f. 1995) kjem frå Stavanger og studerer biologi på Noregs miljø og biovitskaplege universitet. 

Han har vore engasjert i Natur og Ungdom sidan han var 14 år og var leiar for organisasjonen 2018-2019. 

Gaute er interessert i klatring, friluftsliv og naturen og opptatt av at politikarane må slutte å etterlate miljøproblem til dagens unge.

Nye moment

Det har ikkje Nordic Mining, viser ein gjennomgang advokatfirmaet Glittertind har gjort av løyvet til dumping i Førdefjorden. Nye moment i saka tar bort heile grunnlaget for å tillate dumpinga. 

Då Miljødirektoratet ga Nordic Mining lov til å forureine Førdefjorden var det fordi det kunne gi arbeidsplassar og inntekter i lang tid. Men sidan den gong er Nordic Minings tal på kor mange årsverk gruvedrifta vil gi er meir enn halvert

I tillegg planlegg dei å bruke giftigare kjemikaliar. Dessutan har ein ikkje sett på måtar å unngå dumpinga i fjorden på, noko som er mogleg dersom ein utvinn større delar av mineralressursane i fjellet. Då forsvinn behovet for å dumpe avfall i fjorden, og ein vil framleis kunne har gruvedrift og arbeidsplassar.

Ny moglegheit

I sum betyr dette at at forureininga av fjorden ikkje er nødvendig, og då er den etter forureiningslova heller ikkje lovleg. 

Som følge av dette har Natur og Ungdom bede klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn ta stilling til dumpinga i Førdefjorden på nytt. Venstre og Kristeleg Folkeparti har lenge vore uttalte motstandarar av å dumpe gruveslam i fjordane våre, men ikkje fått til å stanse det i regjering. 

Nå har dei fått ei ny moglegheit til å stanse unødvendig og ulovleg miljøkriminalitet i Førdefjorden.

Tilsvar:

Administrerende direktør Ivar Fossum i Nordic Mining svarer følgende:

«Nordic Mining har som mål å etablere langsiktig industrivirksomhet basert på bærekraftig utvinning av samfunnsnyttige mineraler. Vi forholder oss til enhver tid til gjeldende lovverk og de tillatelser vi får fra norske myndigheter. Selskapet vil kontinuerlig arbeide for å forbedrevirksomheten i forhold til klima og miljø.

Vi tror behovet for etablering av nye, robuste eksportbedrifter blir økende for Norge i tiden som kommer.»

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

Bli slank, smart og lev lenge

Kommentar
19. september 2020 12:59

Digitalisering øker kvaliteten på forsøk

Kommentar
19. september 2020 10:33

Kjære delegat, pust med magen

Leserinnlegg
18. september 2020 08:36

Det marine økosystemet i nord er i endring

Kommentar
17. september 2020 19:22
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.