REAGERER:  Folk reagerer med mistru når regjeringa lempar på sine eigne strenge smittereglar, og opnar grensene for utanlandske vindkraftutbyggjarar.Foto: Thomas Haugersveen
REAGERER:  Folk reagerer med mistru når regjeringa lempar på sine eigne strenge smittereglar, og opnar grensene for utanlandske vindkraftutbyggjarar.Foto: Thomas Haugersveen

Vindkraftutbygging er ikkje samfunnskritisk

I ei tid der Norge har innført dei mest strenge og inngripande tiltaka i fredstid, for å berge liv og helse frå koronapandemien, opnar regjeringa grensene for arbeidarar på vindkraftanlegg.

Leserinnlegg

Regjeringa har vald å opne grensene for arbeidarar på vindkraftanlegg. Sektoren får unntak for innreiserestriksjonar fordi vindkraftutbygging blir definert som ein sektor med kritisk mangel på arbeidskraft.

Stor arbeidsløyse

Skular og barnehagar er stengd. Arbeidsløysa er den største etter krigen. Så godt som alle næringar vert ramma. Stortinget vedtar krisepakkar på krisepakkar, for å berge landet og økonomien. 

Milliardane sit laust for å kompensere inntektsbortfall både hos privatpersonar og bedrifter. Omfattande smitteverntiltak kostar, både i pengar og innsats. Vi får ikkje eingong besøke våre kjære på sjukeheimane, utanom når dei er døyande. 

Men befolkninga er tolmodige og har respekt for den alvorlege situasjonen. Då forstår eg godt at mange reagerer med mistru når regjeringa lempar på sine eigne strenge smittereglar, og opnar grensene for utanlandske vindkraftutbyggjarar.

Ei uklok avgjerd

Regjeringa likestiller dei som skal byggje ut vindkraft, med dei som skal hjelpe til med å produsere maten vår. Det er ei uklok avgjerd. 

Kvifor skal nettopp vindkraftnæringa få unntak? Desse bidreg heller ikkje til aktivitet i Norge i unntakssituasjonen, sidan utanlandske selskap står for både prosjekt og arbeidsfolk. Einaste argument regjeringa har for å gi nettopp vindkraftutbygging dispensasjon frå innreiserestriksjonane, er at dette vil skape «problem» for pågåande vindkraftutbyggingar. 

Ein provokasjon

Vel, dei fleste næringar har problem akkurat no, men berre nokre få får unntak får innreiserestriksjonane som er sett for å hindre smittespreiing. Vindkraftutbygging er ikkje viktig akkurat no i krisetidene. Kraftforsyninga vår er sikra, for drift og vedlikehald er definert som samfunnskritisk verksemd og blir prioritert. 

Det er ein provokasjon når regjeringa utan særskilt grunn favoriserer vindkraftutbygging og gir dei unntak frå innreisereglane. Regjeringa bør lytte til motstanden. 

Å oppretthalde eit strengt smittevern inntil vidare, er no samfunnskritisk. Vindkraftutbygging er det ikkje.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00