BERGINGSSKUTA: Det var ikkje å enkelt å kome til å plukke opp dei siste av mannskapet, når havaristen «Asbjørn» kom sigande på kollisjonskurs til ishavsskuta «Melshorn».Foto: Ishavsmuseet Aarvak
BERGINGSSKUTA: Det var ikkje å enkelt å kome til å plukke opp dei siste av mannskapet, når havaristen «Asbjørn» kom sigande på kollisjonskurs til ishavsskuta «Melshorn».Foto: Ishavsmuseet Aarvak

50 år sidan det dramatiske forliset til Gratangen-skuta «Asbjørn»

«Asbjørn» av Gratangen forliste ved Newfoundland 20. april 1970. «Melshorn» frå Hareid på Sunnmøre berga folka.

Kronikk

Vi hadde lagt opp til «jubileums- markeringar» på museet utover våren, men alt dette er no avlyst. Vi har i staden omarbeida stoffet frå nokre av desse hendingane til avisartiklar

Kuling og snøkave

Å plukke opp dei siste fem av mannskapet frå «Asbjørn», mens «Asbjørn» med sterk slagside og 10 grader skjering på propellen, kom sirklande på kollisjonskurs, var ikkje heilt enkelt.

I 1970 rusta 14 norske skuter ut for fangst ved Newfoundland. «Veslekari», «Veslemari», «Polarhav», «Polarstar», «Polarbjørn», «Polaris», «Kvitungen», «Melshorn», «Heimen I», «Kvitbjørn», «Harmoni», «Norvarg», «Asbjørn» og «Lance II».

Frå «Melshorn» si dekksdagbok, skipper Nils Pilskog: Onsdag 8 april er det ONO kuling og snøkave, om kvelden i 21:00 tida slår hol i skutesida på babord side. Legg stilt og finn at fôrpiggen er full av sjøvatn, som seinare vert lensa ut. 

zoom«Asbjørn» av Gratangen forliste ved Newfoundland 20. april 1970.
«Asbjørn» av Gratangen forliste ved Newfoundland 20. april 1970.

Holet var om lag ein meter langt og 6-7 cm på det breiaste, to spant og ein skjergang var og knekte. Natta og formiddagen etter låg dei stille og tetta holet provisorisk, seinare gjekk dei mot «Kvitbjørn» som låg nordaust for dei. «Kvitbjørn» hadde plater som dei fekk til å reparere med. Dei låg no aust for Synste Gråøya. Dei låg stille heile den dagen og natta etter for å reparere spanta og skjergangen. 

I 23 tida vart skipperen purra av vakthavande fangstmann, som syntest skuta hadde vorte svært tung

Skaden vart reparert

- Heldigvis hadde vi med to flinke sveisarar, seier skipper Nils Pilskog, det var Magnulf Bigset og Per Johan Waage. Dei arbeidde på skift, det var så trongt, at det var ikkje plass til meir enn ein mann i gongen. Det vart mykje gass og røyk som dei plagast med medan dei sveiste. Nokon dramatikk følte vi ikkje at dette var, seier Nils, men vi måtte jo få tette skuta så vi kunne fortsette fangsten. 

Laurdag 11. april klokka 12 er dei ferdige å reparere skaden. Samla fangst til då var 8915 dyr. Dei neste dagane er det kuling, dønning og dårlege forhold for fangst. Seinare blir vêret betre, men stor og teit is gjer forholda vanskelege.

Gratangskuta «Asbjørn» hadde som «Melshorn» vore på loddefiske før dei gjekk på selfangst, dei utklarerte frå Tromsø den 11. mars.

«Asbjørn» var bygd på Kaarbø Mek. i Harstad i 1962 for Håkon Jensen med fleire, Foldvik i Gratangen. Skuta hadde måla Loa 39,2 m, Lpp 33,8 m, Bspt 7,9 m, Driss 4,3 m., Brt 311 tonn, Nrt 118 tonn. Som ny hadde den ein MAK motor som ytte 900 hk, i 1966 var det sette inn ein ny MAK på 1200 hk.

Fekk problem med turboen

Skipper på «Asbjørn» var Bjarne Jenssen som og var medeigar i skuta. Til liks med dei andre skutene på feltet hadde dei vore plaga med dårleg is, dei hadde mellom anna vore faste i isen, så dei hadde brukt dynamitt for å kome laus.

 Dei hadde fanga ein stad mellom 3700 og 3800 dyr, då dei fekk problem med turboen på hovudmotoren, og måtte inn til St. John’s for å skifte den. Dei går ut derifrå 18. april klokka 15. Dei kursar nordover - i bra ver, då dei passerer Funk om morgonen den 19. april er det liten kuling, lett skodde og moderat sikt. Dårlegare vêr blir det utover dagen, med aukande vind og snøbyer. Dei passerer nokre strimla med is, nokre skar dei gjennom, mens andre gjekk dei rundt.

Full av vatn

Ifølgje Sjøforklaringa er det ingen kollisjon med store flak som skal kunne forårsake nokon lekkasje. I 21 tida om kvelden går dei inn i isen og legg stilt. Det var no sterk kuling frå nordaust, snøkave og svært lita sikt. Vêrmeldinga meldte storm, og skipperen la seg nedpå i salongen for å slappe litt av. 

Vakthavande fangstmann sjekka over at alle luker var skalka. I 23 tida vart skipperen purra av vakthavande fangstmann, som syntest skuta hadde vorte svært tung. Ved nærare undersøking finn dei at fôrpiggen var full av vatn, dessutan var det vatn i fryserommet og i lasterommet.

zoomSkipper Nils Pilskog på Melshorn
Skipper Nils Pilskog på Melshorn

Melder om vanskar

Skipper Bjarne Jenssen er i radioen i 23 tida - i 22-tida ifølgje «Melshorn» si dagbok - og melder at dei var i vanskar. Den canadiske skuta "Theta" var i nærleiken av «Asbjørn», dessutan sette «Melshorn», «Kvitungen» og «Polarstar» kurs imot «Asbjørn».

«Melshorn»hadde grunna det dårlege vêret lagt stilt klokka 20 den dagen. Dei låg saman med «Kvitungen» - skipper Per Bøe. «Kvitungen» var ute på sin første tur, og ifølgje Nils Pilskog viste skuta seg som ei svært god skute i isen. Vêret var storm, med stor sjø og farlege flak i sjøen. «Kvitungen» som hadde mindre fangst inne, og dermed flaut lettare enn «Melshorn» gjekk først, «Melshorn» rett etter. Slik vêret var, var det ikkje ufarleg å gå slik, enn om «Kvitungen» rende på eit flak som stoppa dei, ville vi då klare å manøvrere unna? seier Nils Pilskog.

Vatn fylt med brennolje

Om bord i «Asbjørn» er alle 21 mann i fullt arbeid. Nokon gjekk i gang med å klargjere fangstbåtane, andre sjekka flåtane, leitte fram nødrakettar, bluss, og tvist og olje for å ha til å blusse med, mens maskinfolket og nokre av fangstfolka konsentrerte seg om å lense, og sjekke status på tankane, lasterommet og i fryserommet. 

Vatnet i fryserommet var blanda med olje, i sjøforklaringa har ein mann vurdert mengda til å vere dei øvste 40 cm av vatnet som var i fryserommet. 

Vidare vart det slege fast at denne oljen var brennolje. Sannsynlegvis kom oljen frå botntankane under fryserommet. Pumpene som «Asbjørn» har, klarer ikkje å redusere vasstanden merkbart, så maskinisten koplar kjølevasspumpa på hovudmotoren og til lenseleidninga, i eit forsøk på å tømme fryserommet. 

Krenga mot babord

I lasterommet lausna ein spekktank som det var platta ned 250 gråselskinn i. Restar frå loddefisket er med på å tette silane, så dei må reingjerast og kontrollerast med jamne mellomrom. I halv-eitt tida om natta låg «Asbjørn» merkbart tyngre i sjøen, og den krenga mot babord, om lag 20 grader. Vinden stod no inn frå styrbord side, ein fangstbåt og begge dei to flåtane som «Asbjørn» hadde, vart sette ned på isen.

Ved 02-tida om natta er vinden auka til storm, skipperen ville ta om bord att ein del av utstyret, men då ein skulle ta om bord att fangstbåten seig heile rekka på «Asbjørn» under vatn, så det forsøket måtte gjevast opp. 8. - 10. mann vart att på isflaket i lag med fangstbåten og flåtane. Dei søkte ly for vinden i ein av flåtane, men sjølv med alle mann om bord, ville vinden ta flåten, så denne måtte fortøyast til fangstbåten.

Isflaket kom i drift

Om lag klokka 04 begynte isflaket med folka og utstyret på å kome på drift, samstundes som det begynte å brekke i mindre delar. Det var dramatisk, men folka vart berga om bord att, og fangstbåten vart teken på slep. Det kunne sjå ut som om det var mindre vatn som kom inn, og at dei klarte å halde skuta på pumpene.

Om lag klokka 07 kom «Melshorn», «Kvitungen», «Polarstar» og «Theta» omtrent samstundes fram til«Asbjørn». Det bles framleis storm, men ifølgje sjøforklaringa var sikta betre - om lag ei sjømil.

I eit forsøk på å lense skuta vart ei lensepumpe med kapasitet på 1500 l/ timen frå «Melshorn» teken om bord. «Melshorn»hadde likestraum, mens «Asbjørn» hadde vekselstraum, så mellom dei to skutene vart det og strekt ein kabel for drift av pumpa. 

Vasstanden auka

Til å begynne med såg det ut som om dette skulle gå bra. Klokka 11:30 var vasstanden i lasterommet og i fryserommet merkbar mindre, men ved kontroll ein halv time etter konstaterte ein at det hadde stige, og at det auka forholdsvis raskt. Vatnet steig heilt oppunder luka i fryserommet, så dei sette på denne luka. 

Årsaka til dette kan vere at i løpet av natta hadde issørpe lagt seg i sprekka i baugen på skuta, og på den måten vore med på å redusere vassinntrenginga. Når så dei andre skutene kom til, og «Melshorn» la seg rett framfor «Asbjørn» med sitt propellvatn rett i baugen på «Asbjørn», så kan dette ha vore med å opne sprekka igjen. Maskinisten på «Asbjørn» - Frode Lalid - peila vasstanden i lasterommet kvart tiande minutt, og på ti minutt steig det no i lasterommet med ein halv meter.

Mannskap forlèt skuta

«Asbjørn»låg til babord med rekka så langt nede i at sjøen slo imot lukekarmen. Maskinisten forsøka å trimme skuta med maskintankane, men det hjelpte ikkje. Botntankane gjorde han (heldigvis) ikkje forsøk på å trimme med. Ifølgje maskinsjef Lalid var skuta så skeiv siste gongane han var nede i maskinrommet, at han måtte gå på baksida av leideren.

I denne situasjonen bestemte skipperen at skuta skulle evakuerast. I 13- tida forlèt 16. mann - 19 ifølgje maskinsjef Frode Lalid - «Asbjørn» og gjekk om bord «Melshorn». 

Måten dei gjorde det på, var at dei gjekk ned på isen på styrbord side, og «Melshorn» plukka dei opp frå isen. Dei resterande om bord, tok med sertifikat og dagbøker, før dei etter å ha konstatert at skuta stadig flaut tyngre og tyngre i sjøen, bestemte seg for å kome seg ned på eit isflak. Ifølgje maskinisten si forklaring, var det ikkje kome vatn i maskinrommet mens dei var om bord i skuta. 

«Asbjørn» vart fôrleta med motoren i gang, og med om lag 10 grader stigning på propellen. Skuta gjekk difor sakte i sirkel mot babord, etter at mannskapet hadde gått frå borde.

Det dei ikkje rekna med var at «Asbjørn» skulle støyte imot eit anna isflak og begynne å gå i sirkel

På kollisjonskurs

I samtale med skipper Nils Pilskog på «Melshorn» har han spesielt trekt fram denne episoden som kritisk. Det var ikkje så enkelt å kome til å plukke opp dei siste av mannskapet, når havaristen kom sigande på kollisjonskurs med både flaket dei stod på og med «Melshorn» som skulle prøve å plukke dei opp. Men folket vart plukka opp, og det heile skjedde utan større dramatikk.

Maskinsjef Frode Lalid var saman med skipper Bjarne Jenssen den siste som forlèt «Asbjørn». Han fortel at han gjekk på styrbord skuteside ned på isflaket. Det var framleis litt sjø, og både skipperen og han sjølv følte at skuta var ustabil, og frykta at ho skulle kantre over til styrbord. Dei vart difor samde om at ein skulle gi litt skjering på propellen, slik at skuta ikkje vart liggande attmed flaket som dei skulle stå på til dei vart plukka opp. Det dei ikkje rekna med var at «Asbjørn» skulle støyte imot eit anna isflak og begynne å gå i sirkel.

Vart dressa opp

Kort tid etter at dei siste hadde kome om bord i «Melshorn» kantra «Asbjørn» over mot styrbord og fortsette å sirkle rundt. Klokka 15:10 stoppa hovudmotoren og hjelpemotoren på «Asbjørn», og skuta låg då med bruvingen i sjøen. Seks minutt seinare sank skuta med akterenden først. Ifjølge deccaen til «Melshorn» i posisjon N 50o 37`, W 55o 14`

Det er no mange og førti mann om bord «Melshorn». Skipper Nils Pilskog er dagleg i kontakt med land for å få organisert henting. Mannskapet frå «Asbjørn» vert om bord heilt til den 28. april. Då vert dei sett om bord «Kvitfjell» som er på veg til lands.

Dei kjem i land i byen Dildo, der dei vert dressa opp. Ifølgje forteljinga var der enkelte som var meir interessert i pjolteren enn skreddaren, så under mellomlanding i Paris vert ein mann observert med to altfor lange buksebein, medan kompisen har eit ferdig lagt opp, mens det andre er langt ned om skoen!

Heller pjolter enn skreddar

Ved fangstslutt har «Melshorn» 12069 dyr om bord, og ca. spekkmengde er 270 tonn. Etter ei oversigling i liten kuling og bris, og med gjennomgåande noko sjø, er dei i Ålesund som første sunnmørskskuta 7. mai.

I selfangstrapporten frå 1970 kan vi lese at det totalt vart fanga 119.527 dyr på Newfoundlandsfeltet. 115.200 grønlandssel, spekkmengda som dei norske skutene tok heim var 2361 tonn. Gjennomsnittleg hadde kvar skute med 9194 dyr heim. Lengda på kvar fangsttur var i snitt 61 døgn. Innklareringsverdien var i gjennomsnitt på 708.000 kroner.

Kjelder

«Og ei skute forliste». Skrive til boka «Når storstormen rasar» Ishavsmuseet 2002, revidert til 50 års markeringa i 2020.

 -Sunnmørsposten mars, april og mai 1970

-«Melshorn» si dagbok.

-Sjøforklaringa etter «Asbjørn» sitt forlis.

-Årsberetning vedkommande Norges fiskerier 1970 nr. 10 Selfangsten 1970.

-Vi Menn nr. 18/92.

-Eivind H. Kristiansen - Ishavsfart for Ibestad og Gratangen.

-Samtale med skipper Nils Pilskog.

-Samtale med Maskinsjef Frode Lalid på «Asbjørn».

-Samtale med Styrmann Paul Stark på «Asbjørn».

-Samtale med tidlegare styrmann Åsmund Nordgård på «Asbjørn».

-Samtale med Arna Jenssen, enkje etter skipper Bjarne Jenssen på «Asbjørn».

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

Mulighetene finnes i havet

Kommentar
28. juni 2020 11:02

Debatt: - Hev U-864

Leserinnlegg
27. juni 2020 19:08

Grumsete vann i RAS-produksjon av fisk

Kronikk
27. juni 2020 10:29
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.