SKJERMA MILJØ: Vi fiskarar skal eigentleg prise oss lukkelege. Den daglege sjødrifta har stort sett gått som normalt.Foto: Jørn Mikael Hagen
SKJERMA MILJØ: Vi fiskarar skal eigentleg prise oss lukkelege. Den daglege sjødrifta har stort sett gått som normalt.Foto: Jørn Mikael Hagen

- Vi fiskarar ser utvegar der dei ikkje alltid er så gode å få auga på

I næringa vår bør det ikkje vere vanskeleg å finne noko å skrive om. Fiskeriministrar som kjem og går, kvotemeldingar, ferskfisk/frosenfisk, og så vidare. I så måte er det ei takksam bransje å vere i.

Kommentar
Skrevet av11. april 2020 13:29

Men i desse dagar er det eitt tema som skuggar for alle andre. Rimeleg nok, då vi står i ein situasjon som er tilnærma ukjend for oss alle. Koronaviruset har sendt oss inn i ei bortimot unntakstilstand som råkar vår kvardag på dei fleste plan. 

Nedstengde verksemder, halde seg innomhus, avgrense besøk til det heilt naudsynte, halde avstand til kvarandre, handle minst mogeleg, og til og med bli sett i karantene. I aller verste fall bli innlagt på sjukehus med eit ukjent virus herjande i skrotten.

Programforplikta optimist

Men, men.. Vi fiskarar er programforplikta til å vere optimistar, og sjå utvegar der dei ikkje alltid er så gode å få auga på. La meg gjere eit tappert forsøk:

For det første: Vi fiskarar skal eigentleg prise oss lukkelege. Den daglege sjødrifta har gått som normalt, førstehandsprisane har stort sett heldt seg oppe, og om bord er vi faktisk i eit skjerma miljø så sant ingen er smitta. 

Litt utfordringar kan det nok vere i samband med mannskapsskift, særleg dersom ein har med folk busett i utlandet, men mitt inntrykk er at reiarlaga har teke høgde for dette, og har vikarar tilgjengelege. Vidare møter vi restriksjonar når vi må til lands for lossing og andre ærend, der ingen uvedkomande får kome om bord, og krava til hygiene er strengare enn elles. Men i den store samanhengen blir dette nærmast a piece of cake. Mi store von og tru er at vi får fortsetje slik.

zoomØystein Sandøy i Sjøvær Havfiske AS
Øystein Sandøy i Sjøvær Havfiske AS

Vi blir litt klokare

For det andre: Vi menneske er heldigvis i stand til å lære, og fortløpande ta til oss kunnskap. Det same vil skje no. Kvar dag blir vi alle, og no særleg alt helsepersonell og medisinsk ekspertise litt klokare og smartare. 

I tida som kjem vil vi fortløpande sjå resultat av dei restriksjonane vi lever under. Våre styrande vil kunne ta stilling til om vi må innskjerpe ytterlegare, om det er greitt slik som no, eller om vi kan vere så heldige å sleppe opp litt. Dette veit eg like lite om som dei fleste andre, men la meg slenge av garde eit råtips: Når vi er i påskeveka, så trur eg at vi ser ei utflatande kurve, og derpå fylgjande lågare skuldrer. 

Vi vil sjå positive resultat av dei tiltaka som har vore sett i verk, men vil likevel ha forståing for at ein enno vil sjå tinga litt an. Vi vil framleis vere i tunnelen, men kan skimte ei lysning i enden, og attpåtil vere rimeleg visse på at det ikkje er eit møtande tog.

Mange å takke

Kanskje tek eg feil. Eg er ingen spåmann, og har lite greie på epidemiar, for ikkje å seie pandemiar. Men EIN ting veit eg: Botnlaus pessimisme og redsle for ein snartkomande dommedag har ein lei tendens til å bli sjølvoppfyllande. 

Er det noko som garantert ikkje vil hjelpe, så er det å stupe til køys, dra dyna over hovudet, late att auga og stikke fingrane i øyra. Då er det nesten som eg ser for meg eit triumferande virus, hånleg leande av oss menneskekrypa.

Nei, takk til alle som i dag står i frontlinja. Først og fremst alt helsepersonell, men og alle dei som yter ein skjerv slik at samfunnet heng i hop nokolunde. Og det gjeld faktisk og dei allehande aktørane i sjømatnæringa.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

Digitalisering øker kvaliteten på forsøk

Kommentar
19. september 2020 10:33

Kjære delegat, pust med magen

Leserinnlegg
18. september 2020 08:36

Det marine økosystemet i nord er i endring

Kommentar
17. september 2020 19:22
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.